Idyllar i øyane, avsett til utbygging, kan bli bandlagde som LNF-områder.

STAVANGER:

Det var Birger W. Hetland som tok opp saka som interpellasjon i kommunestyret, og som eit samrøystes kommunestyre slutta seg til.,

Hetland viste til at Nord-Hidle er ein del av Sjernarøyane, og at det difor er unaturleg at dei skal tilhøyra Finnøy stemmekrets.

Birger Hetland (sp) fekk kommunestyret med seg.

-Hadde me visst korleis dette forheldt seg då me la ned Nord-Hidle som eigen stemmekrets, ville resultatet blitt slik interpellanten her foreslår, sa Sølvi Ona Gjul.

Fristen for å melda endringar av stemmekretsar til Kartverket er 30. mars, og dette var siste anledning kommunestyret hadde til å endra på kretsane. Difor vedtok kommunestyret forslaget frå Hetland, sjølv om det ifølge kommunedirektøren si orientering strengt tatt ikkje er anledning til å stemma over interpellasjonar.