Foreløpig ikkje grønt lys for skjenking i Innbyggartorget på Judaberg. Mellom anna på grunn av at det ferdast bar og unge der. Her er barnehagen på Fogn på besøk.

Innbyggartorget på Judaberg blei åpna med brask og bram av ordførar Kari Nessa Nordtun for ein god månad sidan. Både før og etter har det vore mykje skryt å høyra om det som er tenkt som den nye møteplassen på Finnøy.,

Stavanger-ordføraren tykte til og med at dei nyoppussa lokala framstod som flottare enn ho sjølv kunne visa fram i byen. Kommunen har med andre ord teke spanderbuksene på når dei skulle pussa opp det tidlegare rådhuset.

Tanken om eit innbyggartorg er ei frukt av den nye storkommunen. Hovedtanken, så vidt me kan skjøna, er at det skal vera ein reidskap som skal gjera det enklare for finnøyfolk å koma i kontakt med kommunen i byen. Kommunen, dvs både politikarar og byråkratar, skal koma nærare innbyggjarane.

Avstand og avmakt har nemleg vore eit av hovedargumenta mot å slå saman kommunar.  Men ved å oppretta innbyggartorg skulle den nye kommunen gjera eit grep som motverka dette. Førebels er det bare Finnøy og Rennesøy som har fått innbyggartorg, og ordninga skal nå prøvast ut før det blir avgjort om dette er noko å satsa vidare på.

Tanken er god. Her skal du få hjelp til å koma i kontakt med dei du treng i kommunen, og skypa via storskjerm om søknader og spørsmål om stort og smått. Det skal ikkje vera nødvendig å reisa inn til byen for å få svar. Det skal vera som før. Du kan ta turen til Vikevåg eller Judaberg og få ordna det meste der. Om nødvendig kan du til og med avtala at saksbehandlaren tek turen til Judaberg slik at du slepp å reisa til byen.

Foreløpig er det bare Innbyggartorget på Judaberg som er oppe og går slik det er tenkt. På Vikevåg er det framleis i støypeskeia i påvente av kva kommunen bestemmer seg for når det gjeld framtida for Vikevåg.

Men så vidt me kan bedømma har ikkje Innbyggartorget på Judaberg heilt funne si form ennå. At ungar på besøk frå barnehagen på Fogn litt motvillig får eta matpakken sin der, tek me som eit feiltrinn i nybegynnarfasen. Det må ikkje vera så blankpolert og stivt at folk ikkje finn seg til rette der.

Innbyggartorget må bli eit brukshus med låg terskel, og ikkje ein Michelin-restaurant. Det vil alle tena på. Me trur også det er nødvendig å omrokkera litt i huset slik at hovudoppgåva, kontakten med kommunen i byen, kjem klarare fram. I dag er det henvist til meir nøkterne lokaler oppe og bak i rådhuset, medan dette sjølvsagt burde vore nede og framme i sjølve Innbyggartorget.

Men, som dagleg leiar Rita Lindås seier, ordninga med Innbyggartorg er i prøvefasen. Det godtek me, ting må gå seg til.