Svein Magnus Håvarstein sine arbeid har i fleire år vore stuva bort i kjellaren i kommunehuset i Vikevåg.

RENNESØY: Dette går fram av orientering frå kommunedirektøren som blir lagt fram for kommunedelsutvalet i Rennesøy tysdag.,

I orienteringa blir det vist til at det er brukt 511.713 kroner på handlingsplanen for kunstnaren Svein Magnus Håvarstein. Dei viktigaste postane er ei minneutstillilling i 2015, opplegg i forbindelse med den kulturelle skolesekken og utvikling av ein digital app med levande galleri for barn og unge som fortsatt blir vist i biblioteket i Rennesøy.

Kommunen kan ikkje sjå at det er laga nokon skriftleg avtale knytta til gåva etter Håvarstein, og det har heller ikkje vore klart kva den skulle innehalda. Men viss det vidare er behov for ein skriftleg avtale knytta til kunstgåva, er Stavanger kommune positiv til det etter at Arnhild Sunnanå sitt kartleggingsarbeid er ferdigstilt på nyåret. Kommunedirektøren vil også gå i ein dialog om eventuell tilbakelevering av dei deler av samlinga som Stavanger kommune ikkje har anledning til å formidla innan sine rammer, heiter det.

Konklusjonen frå Stavanger kommune si side er at "Rennesøy kommune har brukt mye tid og ressurser på prosjektet, også utover konkrete innkjøp, tjenester og leveranser. Regnskapet viser er det benyttet i overkant av de opprinnelige kr 500000 som ble øremerket til formålet".