Virksomheten i sjøområda rundt øyane i nye Stavanger, kastar godt av seg. Det gir også grunnlag for å oppretta nye fag- og prosjektstillingar innan havbruksnæringa

I 2017 vedtok fylkestinget i Rogaland den såkalla "Regionalplan sjøaral havbruk". I sitt vedtak undertrekar fylkepolitikarane at havbruk og sjømat er ei prioritert næring i Rogaland, med mål om å styrka sysselsettinga i distrikta. Dei to tidlegare øykommunane og nå kommunedelane i Stavanger, Finnøy og Rennesøy, er mellom dei største havbrukskommunane i fylket, der Finnøy i 2018 og 2019 fekk utbetlt heile 54,6 millionar kroner frå det mykje omtala havbruksfondet. Tilsvarande tal for Rennesøy var på 7,8 millionar kroner. I den same perioden fekk Fylkeskommunen tildel vel 23 millionar frå det same fondet. Nå ynskjer fylkeskommunen,saman med oppdrettskommunane,å etablera eit fireårig kunnskapsprosjekt til ein kostnad på 4,25 millionar kroner. Det skal tilsetjast ein eigen prosjektleiar, som mellom anna skal ha til oppgåve å involvera samfunns- og næringsinteressene i prosjektet. Då med tanke på ei kartlegging av behov, ynskjer og utfordringar som er knyta til dette.,

Politisk styringsgruppe

Det er også etablert ei eiga politisk styringsgruppe med Solveig Ege Tengesdal (KrF) som leiar. Denne gruppa som også har nåverande fylkesordførar, Marianne Checak som medlem, vil då også få ansvar for kunnskapsprosjektet. Fagfolk frå nåverande Stavanger kommune vil få ei sentral rolle i prosjektgruppa, sidan prosjektgruppa også skal følgja opp pilotprosjektet med eit marine grunnkart for Stavanger kommune som er under utarbeiding.

,Som Øyposten nyleg kunne melda om, så har også kommunen nyleg tilsette ein eigen havbrukskonsulent ved det nyoppretta havbruks- og landbrukskontoret på Finnøy.

Med denne nye prosjektstillinga i regi av fylket, vil fylkeskommunen som eig regionalplanen, ved hjelp av midlane frå havbruksfondet få ytterlegare styrke til å fylgja opp dei regionale planar og strategiar knytt til næringsutvikling, og fylla rolla som ein aktiv tilretteleggjar for samfunns- og

næringsutvikling,

heiter det mellom anna i prosjektbeskrivelsen.,