FINNØY: -Dette er ein draum som eg har gått med heilt sidan eg i 1999 var utvekslingsstudent i Holland, og besøkte ein lokal mjølkeprodusent og ein liten lokal iskremfabrikk som laga is av denne mjølka, smiler Cathrine, i det ho byr oss på ei prøvesmaking av den nylaga isen frå "Delizia" i Stavanger der ho sjølv produserer isen sin.,

Og sjølvsagt når du skal serverer is til "dessert" ein fin sommardag i månadskifte mai-juni på Finnøy, så må spanderer også "Ryfylkekokken" på kortreiste jordbær til den supeferske isen ho har med seg i eit nylaga pappbegeret. For alt som Cathrine og ektemannen Frode Selvaag i "Ryfylkekokken" steller med og serverer, skal så langt det er mogeleg vera både kortreist og bærekraftig.

Avstressa kyr

-Og så er det særs viktig at også den som produserer mjølka er oppteken av både dyrevelferd og har ting "på stell". Det har verkeleg han Daniel her, i og rundt nyfjøset sitt, poengterer Frode.

-Eg er imponert over kor reint og ryddig alt er, og kor utruleg rolege og avslappa dyra er. Så her er det ikkje noko stress korkje hjå bonden eller dyra. Alt har på ein måte ein "Attract passion", og det viser igjen ovar alt. Det er viktig i vårt og Ryfylkekokken sitt totale matkonsept, understrekar Frode.

Det nye fjøset på Hauske vart teken i bruk seint hausten i 2019. Det var også på den tida at Daniel tok over gardsdrifta etter mor og far, Jorunn og Arve Vignes.

-Eg synest som ny bonde, at det er ekstra stas å få denne anerkjenninga og bli verdsett på denne måten av sjølvaste Ryfylkekokken, smiler Daniel beskjedent.

-Så er det ekstra kjekt å vita at når eg tek meg ein tur ned på Innbyggjartorget og uteserveringa der i sommar, så kan eg til og med få smaka på is som er laga av mjølka frå eigne kyr.

Viktig med godt råstoff

Sjølv er Daniel enno i fast arbeid i Rogaland og Agder Felleskjøp. Men med mor og far Jorunn og Arve til å sjå etter dyra, er dei i dei beste hender.

For etter 40 år som husdyrkonsulent i meierisamvirket TINE, er der vel knapt nokon som kan meir om både godt dyrestell og velfungerande mjølkeproduskjon, enn nettopp far Arve og mor Jorunn som heimeverande bonde i alle desse åra.

-Det må det jo berre bli gode smakar og skikkeleg produkt av, når råstoffet har eit slikt utgangspunkt, legg isprodusent Cathrine smilande til, før det ber i veg til kuslepp på irrgrøne beitemarker. Det må sjølvsagt også forevigast som ein viktig del av heile is- og matkonseptet til den lokale Ryfylkekokken.