STAVANGER/FINNØY:

Rett nok vant heimelaget kampen 3-1. Men resultater gir på ingen måte det rette bilete av kampen. Difor hadde også minst eit uavgjort resultat vore meir rettferdig. For sjølv om heimelaget tok leiinga alt etter to minuttars spel, viste dei unge finnøyspelarane på ingen måte respekt for Vidar sine sekstenåringer.,

Eit glitrande langskot frå Åsmund Halleland Mikaelsen berre minuttar etter at heimelaget gjekk opp i leiinga,traff tverrliggeren og hadde fortent ei langt betre skjebne.Deg ga også opptakten til ein jamnspela omgang, der bortelaget også burde ha fått sin nettkjenning.

Like fullt sto det 1-0 til heimelaget etter 1.omgang, der Finnøy kom meir og meir med utover i omgangen og spela seg til fleire målsjansar

Sterk 2.omgang

Om respekten for Vidar kanskje var litt vel  stor i første omgang, viste i andre omgang at den respekten blei lagt igjen på sidelinja under peptalken i pausen.

For det var nemleg laget frå tomatøyasom som alt frå avspark tok tak i kampen, og spela seg til fleire klare målsjansar etter flott oppbygde angrep og stor dominans i banespelet. Men ballen ville ikkje over streken. For som i første omgang, var det på ny metallet og stolperota som stod i vegen for ei utlikning.

Difor kom det som ein stor kalddusj då Vidar på eitt av sine få angrep, igjen scora etter corner. Men Finnøy ga seg ikkje, og berre eitt par minuttar etter, fekk endeleg Ola Angelskår Moen hol på byllen , og reduserte til 1-2 på akrobatisk vis. Også det etter hjørnespark.

Bortelaget held fram med å dominera banespelet.Og kanskje burde også bortelaget blitt tildelt straffe, då Henrik Bergeland Landa blei felt innanfor sekstenmeteren like etterpå.

Bittert tap

Men så skjer det som ofte skjer når eitt lag dominere og pressar på for å få utlikning; motstandaren kontrar- og plutseleg står det 3-1 til Vidar, sjølv om dommaren også her kanskje burde ha blåst i fløyta for frispark i overgangen i forkant av scoringa.

-Det er sjølvsagt bittert å tapa ein kamp på denne måten, der Finnøy tidvis faktisk dominerer kampen og så absolutt har mest ballinnhav, seier trenarduoen Tor Magne Moen og Tor Øyvind Skeiseid like etter kampslutt.

-For  me er nøydd for å gå bak resultatet, og faktisk sjå på at desse 15- åringene ,som også har med seg to klassevenninner og ein 14-åring på laget i kveld, verkeleg viste musklar og i store delar dominerte kampen spelemessig. Difor «drit eg i resultatet», og den tilbakemeldinga skal også spelarane i klartekst få, slår ein som vanleg veldig engasjert Tor Øyvind fast.

Den oppsummeringa av kampen gir me vår fulle støtte til.

For også desse 14- og 15-åringane viste, som jentene på Leikvoll tirsdag kveld, at det gror godt i ungdomsfotballen på tomatøya i Nye Stavanger kommune.

Finnøy si spelartroppen:

Adrian Kavli, Ola Angelskår Moen, Tore Flesjå,Mathias Nøkling Gard,Rasmus Mjølsnes, Bård Erik Holmslet Astad,Åsmund Halleland Mikalsen, Henrik Bergeland Landa,Endre Skeiseid,Josef Bø,Rune Lindanger Håland,Sander Norgren Rørheim,Vebjørn Ledaal,Maria Rørtveit,Nora Sevheim Haga