FINNØY:

Det var Lindal-løa på Judaberg, for anledningen fint pynta, som var arenaen for familieforestillinga. Smittevernet tilsa 50 personar på kvar forerstilling, og dette blei nøye fylgd.,Men "Jul på Finnøy" var meir.

Det heile starta med at 120 barn frå SFO og barnehagar frå både Finnøy, Talgje, Fogn og Ombo kom og hengde opp sjølvlaga stjerner i trea på Judaberg. Der fekk dei møte stjernefeen, og fekk kvar si pepperkakestjerne før dei tok turen til Finnøy Blomster og interiør, der nissen sat klar og venta på dei.

Julefreden senka seg under konserten «Juletonar og Juletankar» i Hesby kyrkje. Dei som hadde fått plass på julebord hjå Ryfylkekokken på Landahuset etterpå fekk servert heimelaga julemat.

Det var julemusikk over høgtalarane og stjernene frå barnehageborna blinka fint. Kyrkja i Finnøy hadde stall i sentrum og dei lokale butikkane hadde varme, opne butikkar med flotte varer.

På løa hjå Eirik Linndal fekk 170 store og små oppleva Frøken Edel på leit etter «Den forsvunne julesongen». Sleden var klar og både inngangen til løa og scena var full av juletre. Eirik sjølv hadde både kakao, kaffi, juletre og bålpanna klar utanfor.

-Me er svært nøgde med helga, som me trur sette Finnøy i skikkeleg julestemning, seier Silje Vignes Flesjå til Øyposten.