Adrian Kavli og Sophie Carman meiner det er heilt rett å avlysa skriftleg eksamen for avgangselvane i 10, klasse. Foto: Oddbjørg Måland.

FINNØY:

- Eg var usikker på korleis det skulle gå med eksamen når me har gått glipp av så mykje undervisning på grunn av koronautbrotet, og har lenge tenkt tanken at dette kunne skje. Difor blei det ingen stor overrasking då beskjeden kom, fortel Sophie.,

Sophie og Adrian er i ferd med å gjera seg ferdige med 10 års skulegang, og har søkt seg vidare til vidaregåande opplæring.

Begge er godt nøgd med at eksamen nå er avlyst.

- Det kjennest meir rettferdig at me får ein karakter som er basert på det me har gjort gjennom eit heilt år, slik som standpunktkarakteren.  Alle elevar i heile landet har fått forskjellig undervisning, det har variert i frå skule til skule, difor ville det ikkje vore rett med skriftleg eksamen dette året, seier Adrian.

Kunnskapminister Guri Melby har lova at elevane vil få vitnemål sjølv om det ikkje blir skriftleg eksamen i år.

Både Sophie og Adrian meiner at eksamen ikkje nødvendigvis er det einaste rette for å få vitnemål, men ville heller føretrekt ei heilskapleg vurdering gjennom heile året.

- Me såg jo at det fungerte i fjor, så det er ingen grunn til å tru at det ikkje skal fungera i år. Eg tykkjer det er mest rettferdig at arbeidsinnsatsen som den enkelte har lagt ned gjennom heile året, skal avgjera kva som skal stå på vitnemålet. Kanskje kan denne situasjonen visa at det ikkje er behov for eksamen?, undrast Sophie Carman og Adrian Kavli.