Det er planar om kommunalt vatn til Dale.

STAVANGER:

Det vedtok formannskapet torsdag, etter forslag frå ordførar Kari Nessa Nordtun (ap).,

KrF-politikar Jostein Eiane uttalte for litt sidan i Øyposten at han håpa at saka om kommunen skal bidra økonomisk til vatn til Dale kunne gå som  ei eiga sak, og bli vedteken raskt.

Men Stavanger-politikarane vil altså heller sjå denne saka i forbindelse med planen om vannforsyninga i heile kommunen. Arbeidet med den er planlagt å begynna i 2023.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken slo fast at det er heilt naturleg at denne saka blir sett i samanheng med behandlinga av  hovedplanen for vannforsyninga, og blir ein del av prioriteringslista der.

I vedtaket blir også kommunedirektøren oppfordra til å ta eit initiativ overfor grunneigarar i området og invitera til "økonomisk deltakelse for å bidra til realisering av prosjektet".