FINNØY:

Ekteparet Frode og Cathrine Selvaag la seg i selen saman med gode medhjelparar for å by på noko av det beste frå kjøkkenet sitt på feiringa, laga av lokale råvarer frå både Finnøy, Rennesøy og resten av Ryfylke.,

Landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad var også til stades, og nytta høvet til å gi honnør for måten Ryfylkekokken profilerer kortreiste lokale råvarer.

-Ryfylkekokken og den lokale kokkenæringa gjer oss bønder stolte over det me produserert, helsa Klostergården på Utstein Kloster.

Råvarene frå Ryfylke var hovedingrediensane i dem mangfaldige menyen under jubileumsfeiringa, som gjestene fekk nyta i løpet av dei fire timane festmåltidet  varte. Det heile humoristisk og musikalsk bunde saman frå scenen av artisten og bømlingen Heine Totland.