Tekst: Jon Asgaut Flesjå Foto: Privat

-Alt tysdag 1. mai var fleire personar i aktivitet for å rydda i strandsona, fortel Ragnhild Opsahl Steigen i Sjernarøy vekst. Og det mangla korkje på engasjement eller ulike typar avfall å plukka opp. Mange store plastsekker vart fullt opp på rekordtid, og veid opp. For me har jo som mål om å delta i konkurransen som ordføraren har tillyst om kven som klarer å samla inn mest plast, smiler Opsahl Steigen.

-Ei anna sak vedrørande dette med avfall, og då særleg spesialavfall, er eit forhold som synest å gjenta seg kvar vår her i Sjernarøy; Og det er «den store vårryddinga».

I staden for å ta med seg elektriske artiklar, bord og stolar og andre artiklar som blir definert som spesialavfall til miljøstasjonen på Judaberg å få levert det gratis der, er det folk som berre droppar det ved sida av hyttecontainerane som er oppstilt på ferjekaien. Då blir det svært dyrt for kommunen å måtte sende folk ekstra inn med bil og ferje for å henta dette, for så å ta det med tilbake til Finnøy. Slik kan me ikkje ha det, og eg håpar at dei det gjeld skjerpar seg for ettertida, påpeikar Opsahl Steigen.

Også barnehagar og skular ryddar

-Me hadde alt tidleg i vinter planlagt å rydda på stranda nede i Engelstø denne dagen, men når me no er gjort kjent med at det også blir mobilisert til rydding på den store nasjonale ryddedagen i dag, så vil borna rydda langs vegen frå Steinnesvåg og opp til Hesbysvingen. I tillegg tek me oss ein tur gjennom byggefeltet i Storhamn, opplyser avdelingsleiar i Hagatoppen barnehage, avdeling Hesby, Anne May Bergeland.

I dag kl.12.00 mobiliserer også Finnøy Sentralskule til den store ryddeaksjonen . Øyposten kjem tilbake til meir om denne saka både på ØP-nett og i papirutgåva