Det har vore stille i Ottohuset på Finnøy det siste året, men nå er det utsikt til aktivitetar igjen.

Tomatfestivalen hadde søkt om 300.000 kroner i støttet. Dei andre lokale som fekk støtte var Ottohuset. Ottohuset søkte om 80.000 kroner, og fekk 40.000 kroner. Alias Steen på Finnøy hadde søkt om nesten 150.000, og fekk 30.000 kroner, mens Kulturbruket på Bru fekk 40.000 kroner i kommunal støtte.,

-Me er galde for pengane me får, sjølv om me sjølvsagt hadde håpa på meir, seier Silje Vignes Flesjå, dagelg leiar for Tomatfestivalen til Øyposten. Løyvinga til festivalen blei plussa på med 20.000 kroner i forhold til i år, men dette reknar ho med blir tatt inn på andre postar.

Støtte til fagdag

Dessutan er det gitt 75.000 i støtte frå næringsfondet til fagdagen under festivalen, men dette er pengar som Ryfylke næringshage forvaltar.

-Alt i alt blir det omlag same nivået som i fjor. Nå må me setjas oss ned og diskutera gjennopm opplegget for neste år ut frå dei rammene me har fått, seier Silje Vignes Flesjå.

Meieriet i Vikevåg fekk avslag på sin søknad, og styreleiar Inger Lise Jørgensen i Meieriet er skuffa. Kommunedirekltøren grunnga avslaget med at dei planlagde arrangementa neste år har  d «begrenset kunstnerisk innhold».

-Den grunngjevinga skjønar eg ikkje, me har trass alt ein topp klaverpianist og tre tenorar av høg klasse på repertoaret neste år. Nå får me prøva å gjera det beste ut av det og koma tilbake med ein endå betre søknad ved neste krossveg, seier Jørgensen.

Arena med sjel

Kuturpolitikarane i Stavanger vedtok å støtta Otto-huset med 40.000 kroner, og her skriv kommunedirektøren at "Huset har gode arrangementer i en sjelfull areana".

-Det var pent sagt, og det stemmer godt med profilen vår, seier John Kenneth Hatletvedt, styreleiar for Otto-huset.

Ifølge Hatletvedt er løyvinga omtrent på nivå med inneverande år.

-Me er glad for støtta frå kommunen, den er me heilt avhengig av for å kunna driva. Me satsar på eit aktivt år også neste år, seier styreleiaren for Otto-huset på Finnøy.