Me vil gje lesarane ein ekstra dose med glede i kvardagen, og det har me kalla for «Vekst».,

«Vekst» er det magasinet du får i dag, etter at me gav ut to slike populære magasin i 2018. Dette er Øyposten si sommargåve til lesarar og annonsørar, gratis til alle. På 44 sider får du intervju og reportasjar med spennande folk frå dei to kommunane. Det er gründerar, eldsjeler, unge, eldre, kvinner og menn. Me har snakka med dei og sett på kva dei driv på med.

Rollen til lokalavisa er delt. Me skal halde auge med makta og avdekke kritikkverdige forhold. Me skal vera ein god arena for debatt. Me skal sjølvsagt referere kva som skjer, men me skal også ta stilling. Me skal skrive om det som opptek folk, men me skal like mykje ta opp det me meiner folk bør kjenne til. Det er fint at det er mange som meiner noko om det me gjer, og alle treng ikkje vera einige i alt me gjer. Avisa skal kritisere – og bli kritisert.

Så er det heldigvis slik at ei lokalavis også kan vera konstruktiv. Me skal byggja opp under - og visa fram - det som fungerer. Dei som lukkast. Dei kjekke historiene. Optimismen. Gleda. Stoltheita. Patriotismen. Dette gjer me heile året i Øyposten. Me skriv om lokale heltar, bedrifter som gje det bra, god politikk som angår oss alle. Avisa er ein arena for positivitet, men av og til er det fint for oss å kunne by på noko ekstra. Difor lagar me «Vekst».

Her finn du mykje stoff og annonsar, artiklar som me trur kan vere til glede og inspirasjon. Me har i alle høve hatt det veldig kjekt med å laga dette magasinet. No håpar me det er noko du kan bli i godt humør av.

God lesing – og god sommar.

Edd Meby, redaktør