||

Ordførar og 1.kandidat på Kr.F si kommunevalliste, Henrik Halleland sitt utspel i Øyposten om at partiet er open for samarbeid også med venstresida i Stavanger-politikken, har skapt reaksjonar og usikkerheit i det politiske fleirtalsmiljøet i Stavanger. Likevel ser ikkje Høgre sin ordførarkandidat, John Peder Hernes, noko dramatikk i dette.,

-Eg er veldig trygg på at han og Kr.F først vil sjå på mulegheita til få til ein ny fleirtalskonstellasjon med utgangspunkt i dagens seks partier, Det har eg fått Finnøy-ordføraren sine garantiar for, slår Hernes fast.

Saman med Finnøy sin listekandidat, Nils Petter Flesjå og politisk rådgjevar Tormod Losnedal, var han og partikollega Sissel Knutsen Hegdal i dag på Finnøy for å gjera seg betre kjent med både lokalt næringsliv og pleie og omsorgsetaten i kommunen.Også eit besøk i Hagatoppen barnehage stod på programmet.

-Stavanger har faktisk ein del å læra av korleis Finnøy kommune driv si eldreomsorg.Då tenkjer eg spesielt på det gode og tette samarbeidet som er mellom dei ulike avdelingane innan omsorgsetaten. Det gjeld både førebygging,pleie og rehabilitering, seier Hernes.

Siste besøk for dagen gjekk til Norwegian Lobster Farm og Rogaland Havbrukspark som no har etablert seg i dei tidlegare lokala til Ryfylke Meieri på Judaberg.