Dette kom fram under fylkesrådmann Inge Smith Dokken sitt framlegg til årsbudsjett for fylkeskommunen for neste år, og økonomiplanen for dei tre påfylgjande år. Budsjettet blei presentert klokka 12 i dag.,

Trass i at Ryfast blir opna like før årsskifte, og Tausambandet vert nedlagt,v iser utviklinga at dei samla kostnadene med å drifta dei resterande ferjesambanda ikkje vert redusert.Det bekymra også fylkesrådmannen, som ikkje ser at overføringane frå staten fylgjer den same utviklinga.

Fylkeskommunen har også ei høg gjeldsgrad på omlag 90 prosent. Målet er å redusera denne til 80 prosent, med ei gradvis innsparing i driftsutgiftene over den komande fireårsperioden. Det får også som konsekvens at ein må kutte ruteproduksjonen innan båtruter med 7 millionar årleg i perioden.