Rennesøy og Finnøy har revidert og fornya den gjeldane avtalen om kjøp og salg av kortidsplassar på sjukeheimen i dei to respektive kommunane. Det er særleg Finnøy kommune som fram til no har hatt behov for kjøp av korttidsplassar i Vikevåg for utskrivne pasientar frå sjukehuset.,Som Øyposten tidlegare har gjort kjent, så har det tidvis vore plassmangel for denne type pleietrengjande ved sjukeheimen på Judaberg. Likevel har det dei siste månadane ikkje vore behov for å kjøpa denne type tenester i Rennesøy . Dette i fylgje rapportane frå helse- og sosialsjefen som jamleg vert forelagt politiklarne i formannskapet, no seinast torsdag i denne veka.