Produsentar som Øyposten har prata med, fortel at dei første 50-60 stk.store puljene med lam som vart sendt til slakt denne veka, viser slaktevekter og ein kvalitet på slaktet som dei ikkje har sett på denne tida av året. -Også overproduksjonen av lam og sauekjøtt som har vore ei stor utfordring dei siste par åra byrjar me no å få kontroll over, sjølv om oppgjerdsprisen til oss produsentar enno ligg eit stykke under det den skulle ha vore, opplyser mangeårig sauebonde Askild Eggebø.Tidlegare denne veka vart den første pulja med vel 50 lam sendt til slakteriet til Nortura.-I år har den store utfordringa vore å halda beitene nede med tilstrekkeleg beiting, legg Eggebø til.