-Flott at regjeringa viser at ho bryr seg om oss, seier Jon Olav Runestad.|

No kjem også Norges Bondelag på banen og gjer framlegg om at permitterterte som tek eit tak for å dekkja opp manglande arbeidskraft i landbruket, skal kunne jobbe for inntil 100 000 kroner utan å få avkorting i dagpengar frå NAV.,-Eg ser for meg at også vi i tomatnæringa bør vera med på ein slik sysselsetjingsdugnad i unntakstider som dette, seier tomatgartnar og Ap-politikar Jon Olav Runestad på Fogn.,Sjølv om tomathaustinga ikkje er i gong før om ein månad, og at han fram til i dag har klart å dekkja behovet for arbeidskraft, vil han i høgsesongen ha behov for 5-6 arbeidstakarar til både hausting ,lauvtaking og anna rutinearbeid i tomatgartneriet sitt på Runestad.,

-

Jon Olav deler heller ikkje heilt enkelte andre yrkesbrør sine bekymringar for at dette lett kan vera arbeidskraft som ikkje er heilt kvalifisert til å utføra jobben i tomatgartneria.-For dette  kan relativt raskt lærast, meiner han.,

-Og eg kan gjerne ta imot nokre flotte og trivelege unge jenter eg.Ungdommar som kan lysa opp kvardagen i gartneriet mitt, og som eg kan prata norsk med når det no også går mot vår og lysare tider, seier han på sin treffande og vanlege humoristiske måte, før han igjen blir litt meir alvorleg.

-Ein føresetnad er likevel at dei lett kan koma seg til og frå Fogn på dagtid, og at dei er læringsvillege og har ståpåvilje. For du veit me er nok litt utskjemt med desse utlendingane, som du nærmast kan stille klokka etter,og som tviheld på jobben sin.

,Men-ja. Me får ta vår del av dette sysselsetjing- og samfunnsansvaret også me gartnarar. Dessutan er me også ei veldig politisk styrt næring , som det gjerne også bør ligge visse politiske forpliktelser og føringar for, særleg i tider som dette. Me som akkurat i dag er så heldig å ha eit arbeid å gå til, og som i tillegg også kan gi sysselsetjing til andre, avsluttar den lokale sosialdemokraten og tomatgartnaren, Jon Olav Runestad.