Hjelmeland Sparebank kuttar renta

Banken for mange finnøybuar, Hjelmeland Sparebank, kuttar renta med inntil 0,35 prosent på grunn av korona-krisa.

Banksjef Susanna Poulsen i Hjelmeland Sparebank.|Det blir ikkje stopp på manuell billttering i Finnøy-sambandet og ingen treng å sitta ii bilane under overfarten. Foto: Arkiv
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over fire år gammel

Det er banksjef Susanna Poulsen i Hjelmeland Sparebank som opplyser dette til Øyposten.,

Ifølge Poulsen er banken forberedt på at enkelte kunder vil få problem i tida framover på grunn av nedturen i økonomien.

-Nokre av våre kunder er direkte eller indirekte berørt av denne krisa, og enkelte kunder er me forberedt på vil få utfordringar.

Banken er forberedt på at våre kunder treng hjelp, og vil strekkja seg langt og gjera det me kan for å hjelpa i ein vanskeleg situasjon, opplyser Poulsen.

Det er klart at to andre store finansaktørar i distriktet, Sandnes Sparebank og SR Bank begge vil kutta renta. Og det vil også Hjelmeland Sparebank gjera.

-Banken set ned renta med inntil 0,35 prosent, opplyser Poulsen.

-Har banken planar om andre tiltak for å hjelpa dei som får økonomiske problemer nå?

-Me har ikkje sett i verk tiltak ut over å vera forberedt på at kunder kan koma i ein vanskeleg situasjon. Me vel å gje avdragsfrie periodar på lån utan etableringskostnader for kundane våre på grunn av situasjonen, noko andre bankar også har valt å gjera, seier banksjefen i Hjelmeland.

Publisert: