Bergen ved dei tider øybuane var i byen med korn i 1567.

Av Birger Lindanger

Rutefarten Finnøy - Bergen anno 1567

Sidan Svartedauden var Stavanger, den ørvesle byen på Eikaneset, truga av utsletting. På 1400-talet var dei ikkje stort fleire enn fem – seks hundre som hadde tilhald der. Eit nytt slag fekk byen i 1537 då reformasjonen svekka rolla til kyrkja og biskopen og dei institusjonane som var knytte til. Difor kjendes skyggen storbyen Bergen kasta over den vesle husklynga mellom Vågen og Østervåg ekstra trugande. For å styrka posisjonen sin streva difor stavangerborgarane med å få hand om handelen i Rogaland, men blei utfordra heilt inn i eige oppland av byen i nord.,

I mellomalderen og i nyare tid var åkrane på ryfylkeøyane dei frodigaste i landet, ja, kanskje i heile Nord-Europa. Dessutan låg dei strategisk til ved at store mengder korn kunne fraktast kysten rundt på relativt kort tid. Bare i løpet av eit år, i 1567,  blei det registert 16 anløp av jakter frå Finnøy, fisterøyane og Fogn med malt i Bergen, helst då til festninga og slottet der. Malt var ein viktig eksportartikkel og kvar gard på øyane åtte ein «kjølle», maltomn.

Jakteigarar, jaktleigarar og styrmennene deira

Fire av eigarane til jaktene som meir eller mindre gjekk i rute mellom Bergen og øyane, var Orm Byre, Engil Hauskje, Finn Hauskje og Knut Hauge. Styrmennene på jaktene var òg øybuar: Ola Hesby, Engil Hauskje, Jens Jude, Ola Vestbø , Aslak Hesby og Ola Ladstein. Og dei som leigde jaktene for å frakta varene til Bergen, var Anders Nådå, Torger Hauskje, Åsulv Reilstad, Sjur Kingestad, Åge Kvamme, Kristoffer Lauvsnes, Sjur Landa, Peder Sævheim, Halvard Roda, Asbjørn Hesby, Torger Hauskje, Nils Ladstein, Knut Eide, Knut Øvre Eide, Laurits Roda og Ommund Lauvsnes. Slik ser me at dette eine året var 26 bønder – kvar tredje bonde - frå øyane med på denne bergensfarten. Rekneskapa frå Bergenhus festning vitnar om at dei totalt dominerte malthandelen.  Men dei selde ikkje bare malt og Bergen var ikkje den einaste staden dei var innom. .,

Bergensarar handlar på Finnøy, Fogn, Halsnøy og Byre

For sjølvsagt drog finnøybuen og folk frå dei andre øyane kysten rundt både med malt, korn og andre produkt. Og bergenserar dukka same året – i 1567 - opp hjå Ola Landa, Orm Byre, Erik Skartveit, Høye Kingestad, Jakob Lastein, Gunvor Steinnes, Aslak Hovda og Eivind Få for å kjøpa slakt, talg og makrell for bare å nemna noko. Kort sagt handla kvar bonde på øyane med Bergen anten dei drog dit sjølve eller det var bergenserar som kom hit for å handla med seg varer dei trong. Elles farta dei over alt der dei fekk best betalt.,

Byborgarane krev sirkumferens                                                                                        D

enne direktehandelen irriterte stavangerborgarane noko grenselaust. Difor maste dei år etter år på kongen om at det måtte innførast sirkumferens kring Stavanger. I 1604 blei maset krona med siger: Kong Kristian IV ga etter og oppretta ein sirkumferens på tri mil kring byen.  Det innebar at alle fastbuande mellom Vågaholmane i Bokn i nord, Randøy i nordaust og Håelva i sør blei pålagde å selja varene sine til borgarane i byen og helst ved Kongsgård brygge eller på torget.,

I dei 160 åra som fylgde, motarbeidde øybuane sirkumferensen. Ikkje bare dyrka dei dei dei mest fruktbare åkrane i landet, her blei kornet moge jamvel i uår. Og når uår og kornskort herja, blei det seljars marknad med høge kornprisar. Men ikkje slik i Stavanger. Eit einaste middels stort prestegjeld på Jæren hadde korn nok til å fø denne vesle byen som sist på 1600-talet snautt nok romma 1300 innbyggjarar.

Øybuane seglar der det passar dei

Og om ikkje vanlege byfolk såg syn på å kjøpa, enda bøndene med å selja kornet rimeleg til byborgarane som sidan kunne selja det med stor forteneste ut av byen. Stundom var det ikkje ein gong borgarane til å ta mot kornet. Då blei det å gå gatelangs og falbyd kornet utan å få seld det. For andre enn borgarane fekk ikkje kjøpa meir enn til eige bruk.,

Dette førde til at øybuane så langt råd omgjekk byen. Dei hadde store og mange nok båtar og kunne frakta kornet sitt både til Bergen, Hardanger, Ryfylke, Sørlandet, nordover Vestlandet og austover mest til svenskegrensa. Frå jernverka bytte dei midt på 1600-talet med seg dei fyrste bileggjaromnane. Det hende også at folk frå underskotsområde på korn kom til øyane for å byta til seg korn. Bytevaren var ofte trevirke eller never.

Det bryggar opp til storm

Etter kvart, og særleg mot midten av 1700-talet, handla øybuane i aukande grad der det passa dei til aukande irritasjon og store protestar frå byborgarane i Stavanger. Dei mobiliserte etter kvart både amtmann og fut og munna ut i ein konflikt som skaka heile kongedømet.,