Dag Mossige |Hvem skal betale for gnag og sykkelstien fra Nådå til Fåhadlet når bompengene forsvinner?

Av Rune Nedrebø,

STAVANGER: -Me kan ikkje bare leggja pengar på bordet utan å vita kva fylket vil i denne saka, det blir bare symbolpolitikk og ikkje heilt seriøst, seier gruppeleiar for Ap i Stavanger, Dag Mossige til Øyposten.

Opposisjonspartia i kommunestyret med Krf i spissen foreslår at Stavanger skal løyva to millionar kroner nå, slik at arbeidet med gang og sykkelevegen frå Nådå til Fåhadlet kan koma i gang. Resten skal løyvast i forbindelse med budsjettet i haust. Forslaget kjem opp i kommunestyret i dag, men får ikkje fleirtal, slik det ser ut nå.

Det er planar om gang- og sykkelevg på denne farlege strekninga, men pengane uteblir. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Aps Dag Mossige avviser forslaget med begrunnelse at det først må koma ei avklaring i fylket om saka.

-Dette er ein fylkesveg, og fylkeskommunen må avklara kva den tenkjer om prosjektet og kor høgt det blir prioritert. Me må ta dette i rett rekkefølge. Det vil ikkje vera seriøst å bevilga pengar til noko me ikkje veit om blir noko av, seier Mossige, som understrekar at han ser at dette er ei viktig prosjekt.

-Eg er ofte på Finnøy, både privat og i offisielle samanhengar, og ser at dette er eit viktig prosjekt. Men dette er ein fylkeskommunal veg, og Stavanger har ikkje tradisjon for å forskuttera fylkeskommunale vegar.  Me må avklara om dette prosjektet er så viktig at kommunen like vel kan forskuttera det, men det er viktig å sikra likebehandling i forhold til andre vegar i kommunen som blir hevda å vera like farlege, seier Mossige, som ynskjer ein snarleg dialog med fylket om saka.

-Viss det ikkje kjem noko initiativ om saka frå fylket, kan me gjerne ta initiativet til eit møte, seier Mossige, som også meiner at storingsfleirtalet burde rydda opp.

-Det har gjort eit vedtak om å fjerna bommen i Finnfast, utan å tenkja på følgene for dette prosjektet. Krf har trass alt samferdselsministeren, påpeikar Dag Mossige.