Kjellaug Steinsvik gler seg over reduserte ferjeprisar. Matros Karsten Anvik i billettluka. Foto: Oddbjørg Måland

FINNØY:

1.juli går inn i historia som ein sjeldan god dag for folk i Finnøy. Gratis passering i Finnfast og 25 prosent reduksjon i ferjeprisane på ein og same dag, er ikkje dagleg kost. Det betyr at pendlarar spesielt, vil få eit skikkeleg kutt i reiseutgiftene, og det kan opna for fleire dagsturistar til kommunedelen. Kanskje får nokon til og med lyst å flytta hit.,

Slik blir dei nye prisane i finnøysambandet:

Prisar før 1.juli står i parantes. I tillegg kjem rabatten frå AutoPASS-brikka.

Judaberg – Fogn:

Vaksen: 31 kroner (43)  Personbil: 83 kroner (113),

Judaberg – Halsnøy:

Vaksen: 33 (45)                 Personbil: 83 (121),

Judaberg – Ombo

:     Vaksen: 36 (49)                 Personbil: 100 (136),

Judaberg – Nord – Hidle

: Vaksen: 37 (51)          Personbil: 93 (145),

Judaberg - Helgøy:

Vaksen: 34 (47)                  Personbil: 89 (128),

Kuttet på 25 prosent er starten på Frp sitt arbeid med å gjera ferjene i landet gratis for alle. Partiet seier at ferjene er ein del av det ordinære vegnettet og at det ikkje skal vera ekstra avgifter og utgifter for dei reisande, akkurat som i Sverige.