AV:Oddbjørg M. Måland

- Bondelaget gjer ikkje dette fordi Gro er ordførar, men fordi ho er ein sann bondevenn som kjempar hardt for jordbruket i kommunen. Ikkje berre for dei store, men og for at dei mindre bruka skal ha livets rett. Ho er svært synleg i Bondelaget og er ikkje redd for å gå heilt til topps politisk om det trengs. Gro har fått fleire toppolitikarar til kommunen, og no kjem jo også landbruksminister Sylvi Listhaug til tomatfestivalen i sommar. Me i bondelaget er svært takksame for den innsatsen Gro gjer for oss, seier Bergøy.

Gro skal med det fyrste ha møte med ordførarane i fylket for å diskutera generell jordbrukspolitikk.

- Eg er overraska og glad for forkledet, det inspirerar til å stå på vidare. Finnøy er den mest landruksavhengige kommunen i landet. Eg er stolt over alle som står på for næringa og bondelaget gjer ein viktig jobb. Det skal lukta ”skid” i ein jord-brukskommune, har Gro på eit tidspunkt uttala.