Snart blir det nok kjøt til alle, anten norskprodusert eller importert. Foto: Iris Ullvang.

FINNØY:

Men det er ingen grunn til panikk, ifylgje Sven Inge Goa som er butikksjef ved Coop Extra Finnøy.,

– Marknaden er snart friskmeldt. Nortura og Fatland informerte nyleg om ein servicegrad på over 90 prosent, så det er tydeleg at situasjonen er i ferd med å normaliserast, seier Goa.

Auka etterspørsel

Sven Inge Goa i Coop Finnøy. Foto: FOTO: Per Thime

Mangelen på kjøt skuldast at grensehandelen er redusert på grunn av koronasituasjonen. Då landegrensene stengde, blei fleire folk heime, noko som resulterte i auka etterspørsel.

– Auka sal har medført at Norge må importera meir kjøt av storfe og svin, for å møta kundane sine behov. Det er ikkje generell råvaremangel i Norge, men pandemien har medført at kjøtsalet i landet har blitt større. Når grensene stenges må maten som tidlegare blei importert privat, erstattast gjennom dei ordinære forsyningslinjene, fortel Ole Skulberg, direktør i totalmarkedet i Nortura.

Behovet vil gå ned

Samtidig har mjølkebehovet og kjøtbehovet auka parallelt.

– Mjølkeprodusenten har halde tilbake mjølkekua, for å kunne levera meir mjølk. Det gir mindre tilførsel av slakt, og dermed auka importbehov, seier Skulberg.

Eit vanleg år har dei ein importkvote på 9000 tonn storfe og 1850 tonn svinekjøt. Under pandemien har importen auka til høvesvis 20.000 tonn storfe og 12.000 tonn svinekjøt.

– Men det er ingen kjøtkrise på gang. Når grensene etter kvart opnast igjen, går behovet for import ned. Mykje tyder på situasjonen vil vera som før pandemien ifrå neste år, seier Skulberg.