Ein unik bildesamling av kyrkjene i kommunen kan du sjå i Hesby, Talgje og Fogn kyrkje i sommar. Foto: Heidi Bø Sangedal.

FOGN:

Fungerande dagleg leiar på kyrkjekontoret i Finnøy, Heidi Bø Sangedal, ser føre seg at bildesamlinga kan bli ei vandreutstilling.,

- Eg trur det må vera interessant for dei andre kyrkjene og å visa fram denne unike samlinga. Me er takksame for bileta og tykkjer det er stas å ha fått ei slik flott bildesamling av kyrkjene våre, seier Bø Sangedal.

Kåre Holm er pensjonert typograf frå Stavanger. I meir enn 50 år har familien hatt hytte på Fogn, han og er nærmaste nabo til kyrkja.

- Eg har sterke band til Fogn, difor tykte eg det var kjekt å kunne gi denne samlinga. Kyrkja her er aktiv og har mange spennande arrangement. Det er spesielt den kulturelle biten ved kyrkjene eg likar. Eg byrja med at eg teikna hesby kyrkje for mange år sidan, dertter kom dei andre i tur og orden. Viss bileta kan vandra frå den eine kyrkja til den andre, og endå fleire kan få sjå dei, tykkjer eg det er kjekt, fortel Holm til Øyposten.

Bileta av middelalderkyrkjene heng i Talgje kyrkje som held ope for interesserte 3. og 4. juli. I Hesby kyrkje er det mogleg å sjå den same utstillinga 24. og 25. juli. Her får ein også meditasjonsmusikk med på kjøpet.

På Fogn heng utstillinga av alle kyrkjene . Her blir det ope for å sjå samlinga i kyrkjekjellaren 8.juli og 22.juli.

Vil du vita meir, les Dette skjer i papiravisa på torsdag.