Lokalpolitikarane vil heller ikkje flytta mellomtrinnet

Kommunedelsutvalet i Finnøy går samrøystes mot forslaget om å flytta mellomtrinna på Fogn, Ombo og Halsnøy til Finnøy.

Sjernarøy oppvekstsenter .
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY:

I vedtaket blir det mellom anna peika på lang reisetid for elevane ved flytting av mellomtrinnet, og at ei flytting vil gjera det vanskelegare å rekruttera lærarkrefter til dei tre oppvekstsentra.,

Etter kommunedelsutvalet si meining fungerer alle tre sentra bra i dag, og har kompetente lærarkrefter.

-De små skolene blir ikke bedre av at de blir enda mindre, heiter det vidare i vedtaket, kor det også blir vist til at kommunen i "lengre tid" har satsa på vekst på dei ikkje landfaste øyane, og at å leggja ned mellomtrinna vil vera i strid med dette.

https://www.oyposten.no/2021/05/18/fau-pa-alle-oppvekstsenter-i-finnoy-seier-nei-til-flytting-av-mellomtrinna/

Det blir også trekt fram at det er fritt skulevalg i Stavanger i dag, og at foreldre som ynskjer at barna skal gå på sentralskulen på Judaberg, har full anledning til dette i dag.

Høyre og Rødt stod også bak eit forslag som blei vedteke oversendt til kommunedirektøren, kor det blir bedt om ei "grundig" analyse av konsekvensane av å leggja ned mellomtrinna på desse øyane, viss det likevel skulle bli resultatet. Før analysen er gjennomført skal ikkje noko gjerast med mellomtrinna, meiner lokalpolitikarane i Finnøy.

https://www.oyposten.no/2021/04/19/sjernaroy-ombo-og-fogn-kan-mista-5-6-og-7-klassingane/

Publisert: