Restene av festninga som tyskarane anla på Vignes under krigen.|Einar Reilstad har skrive om livet på Finnøy under den tyske okkupasjonen.

Av Einar Reilstad,

FINNØY:

Eg hadde truleg neppe sett "fygemaskinar" før, så dette var nytt og uverkeleg. I avisene var det bilete og artiklar som fortalde om bombing i Stavanger og Sola og andre krigshendingar.,

Rutebåten M/K Finnøy tok til å gå i skytteltrafikk med evakuerte frå Stavanger til Reilstad. Folk var i panikk og det dei tok med seg var ikkje berre nødvendige ting. Såleis kom ei kone om bord med ei potteplante frå stova si. Ludvig Larsen, som var styrmann, tok hand om blomen og gjekk til rekka og lempa den på sjøen med orda; "slikt har me ikkje plass til!".

Evakuerte til Finnøy

Dei evakuerte førte til at folketalet på øya auka betrakteleg. Me vart såleis 15 - 20 personar som var busette i huset vårt dei fyrste dagane .

Behovet for matvarer til forretningane auka monaleg og transporten i  Stavanger vart vanskelegare. Far, som dreiv landhandel, reiste til Stavanger for å få tak i varer som han sjølv køyrde med handkjerre til båten.

Einar Reilstad har skrive om livet på Finnøy under den tyske okkupasjonen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Fleire av dei evakuerte hadde ikkje pengar til å kjøpa for. Desse fekk skriftleg tildelt eit nærare bestemt kronebeløp av kommunen til dette føremålet. På forretningen vart det handlekø og ein høyrde spørsmål; "Koss møje e det igjen på lappen". Andre i køen svara; "Hørr, du må isje masa sånn".

I dei første dagane av krigen leverte far 6 tønner bensin til dei norske styrkane i Dirdal.

Reilstad Egglag sine leveransar av egg til Oslo tok slutt. Far tok då hand om egga. Desse vart preserverte i leska kalk og delvis vannglass i 4 eller 5 tidlegare oppmurte kummar som tok fleire tusen egg. Desse vart det ikkje lovleg å selja, men vart sjølvsagt seinare ei ettertrakta vare, då særleg til folk i byen.

Tyskarane kjem til øya

Dei fyrste tyske soldatane kom ikkje til Finnøy før i samband med planlegginga av festningen på Søre Vignes. Dei rekvirerte garden til Isak Vignes og bedehuset Emmaus på Steinnesvåg. Under krigen budde Isak med familie i eit hus hjå Gissur Halleland på Ladstein. Festningen vart gjerda inne med massivt piggtrådgjerde. Det vart lagt ut landminer og miner i sjøen. Under krigen dreiv det i land ei mine på Varaneset på Kindingstad. Før tyskarane sprengde denne, vart det varsla til naboane om at vindauga måtte opnast slik at lufttrykket ikkje skulle øydeleggja rutene.

Det vart også oppretta eit observasjonsanlegg på Landafjellet.

Mange fekk arbeid hjå tyskarane. Ein del av arbeidarane budde om bord i båtane sine her på Adlafeste, Reilstad. Desse arbeidarane fekk unamnet "rotter".

Lensmannen fekk til oppgåve å skriva ut folk til tvangsarbeid. Bøndene måtte møta med hest og kjerre. Ein av køyrekarane fekk påtale for at han køyrde for små lass. Han tok då ein stor stein og lempa opp i kjerra. Deretter løfta han knyttnevane i vêret og ropa "her e London farr".

Material (lemmer) til brakker vart frakta med båt til Reilstad og delvis, etter ei stutt lagring , transportert til Vignes med lastebil. Proviant o.l. vart frakta med rutebåten til Reilstad. Herifrå vart den henta og køyrd vidare med ei firehjula vogn som vart dregen av to svarte hestar. Desse hadde ikkje baksele og vogna hadde difor mekaniske bremseklossar som vart skrudde mot hjulbanda på trehjula. På kalde vinterdagar bruka kusken store «filtsko» utanpå lerstøvlane. Fleire av vintrane var uvanleg snørike og kalde og tyskarane trong brøyta vegar. Dei laga då ein snøplog av solide plankar som vart dregen av to hestar.

Sensur og forbod

Det vart forbode å fritt gje uttrykk for meiningar som ikkje passa inn i «systemet» til nazistane eller tyskarane. Avisene vart sensurerte og krigsnyheiter vart einsretta og upålitelege. Dette førte til at særleg krigsnytt o. l.,for det meste frå BBC London, vart stensilerte til små «aviser». Desse var ulovlege og vart i det skjulte leverte til pålitelege personar som sende desse frå mann til mann.

Det vart også ulovleg å ha radio og skytevåpen. Desse måtte levast inn og vart innelåste i eit forsegla rom hjå lensmannen. Det var likevel 2 som hadde lov til å ha radio. Dette var tidlegare tysk konsul Brodland som budde på Ystholmen, Fogn og mannskapet på staten sine båtar Oksøy og Grip ( tilh. fyr og merkevesenet) som låg i opplag i Nådesundet. I det skjulte reiste folk til desse for å høyra nytt frå BBC. Elles var det også fleire andre som hadde lurt unna radioapparat og såleis lytta på nyheiter.

Ei av kanonane på det tyske fortet på Vignes etter krigen. Dei to på biletet er Harald Ruud (t.v.) og Rasmus Sevheim. (Utlånt med tillatelse frå Aslaug Ruud)

Etter det eg kjenner til, vart ingen fastbuande på Finnøy avretta under krigen, men nokre vart arresterte og fengsla. Far vart såleis arrestert og sett i fengsel på Ladgårdsveien i Stavanger. Medan han var der vart det arrestert mange (15 stk.?) som skulle flykta til England. Dette førte til at det trongst mange fengselsceller og far vart difor flytt til gangen. Han vart sjuk og etter 11 dagar set fri. Desse som vart tekne for fluktforsøk til England, unnateke ein som var så ung, vart avretta.

3 mista livet

Elles miste 3 ungdomar, som var kjende her då dei budde her som sumargjester, livet under krigen. Dette var Martin Jakobsen, Hoset og Bergslien. Jakobsen og Hoset vart avretta, men med sistnemnde er det uvisst om dette kanskje var sjølvmord etter mishandling i fengselet.

I gamlehuset vårt budde ein familie som hadde to søner , Anker og Jonny Kristensen. Begge hadde militær utdanning. Desse flykta til England. Anker vart sendt vidare til Little Norway i Amerika, medan Jonny vart att i England. Begge kom vel heim att.

Lærarane, som ikkje fylgde nazistane sine pålegg, vart arresterte. Presten vår, Bernh. Viste, vart avsett utan løn. Han tok i denne tida delvis praktisk arbeid og det vart også samla inn pengar til løn. Gudstenestene og andre kyrkjelege handlingar vart flytt til bedehusa.

Nils Berge var ein av dei som tyskarane mistenkte for illegal verksemd. Han hadde radio og då denne vart i ustand reiste han til Stavanger for å få radioen reparert. Då han kom med rutebåten til Stavanger vart det kontroll av all passasjerbagasje. Nils, som hadde radioen i ryggsekken sin, stilte opp som første mann i køen som skulle i land . «Kva har du i sekken" spurde kontrolløren. "Radio" svara Nils. Kontrolløren trudde at dette var ein "bløff" og vinka han forbi.

Ein annan dag kom tyskarane med båt til Reilstad for å arrestera Nils. I dette høvet gjekk dei inn på butikken til far og spurde om vegen. Så snart dei var utav døra ringde far min til Nils og sa ifrå om at tyskarane var på veg. Straks rømde Nils over "heia" til Birger Kvame. Der budde Gunnar Foldøy som hadde motorbåt. Om natta frakta han Nils til Rennesøy, der Nils budde i skjul til krigen var slutt. Då tyskarane ikkje fekk teke Nils, tok dei i staden sonen Kristen og hushaldaren Aslaug Eggebø. Dei sat fengsla i nokre dagar før dei vart sette fri.

(Resten av artikkelen kjem i neste nummer)