Prosjektleiar Torbjørn Grødem i Lnett fekk mange spørsmål å svara på under det digitale møte om dei nye kraftlinjene onsdag kveld.

FINNØY: Spørsmåla gjekk på alt frå betydninga for fuglelivet som havørn og falk til støy frå kraftlinjene og korleis dei vil ta seg ut i landskapet.,

Frå Lnett si side var det få argument for å leggja ein større del av kraftlinja i jord- eller straumkabel. -Me må tenkja mest mulig nett for pengane, sa prosjektleiar Torbjørn Grødem i Lnett mellom anna.

Lyse-selskapet Lnett AS planlegg ei ny 132 kilovolt kraftlinje frå Strand over Fogn og Finnøy til Nordbø på Rennsøy.

Mange av spørsmåla gjekk på kvifor ikkje meir av linja er foreslått lagt i sjø- eller jordkabel.

Til dette var svaret at jordkabel er 3-5 gonger dyrare enn luftspenn, mens sjøkabel er dobbelt så dyrt. Skal denne løysinga veljast må kommunen eller andre dekka kostnadane, for eksempel viss grunneigarar går saman om det.

Ei utfordring som prosjektleiar Torbjørn Grødem peika på at det var store djupner på over 300 meter enkelte stader, noko som både kompliserte og fordyra ein sjøkabel.

-Ein sjøkabel direkte frå Strand til Finnøy utan å gå over land på Fogn, er 70 prosent dyrare enn å byggja luftspenn over Fogn, sa Grødem mellom anna.

Planane for nye kraftlinje mellom Strand, Fogn, Finnøy og Rennesøy. Foto: FOTO: Lnett

Det blei også bekrefta at linja over Fogn er ein rein "transportetappe" for den nye linja, men det blei lagt til at Fogn er avhengig av å bli forsynt frå Finnøy.

Når det gjeld kraftmastene som må byggjast, så tenkjer Lnett på såkalla H-master med ei mastehøgd på frå 18-28 meter. Gjennomsnittleg mastehøgde blir antyda til vel 20 meter, og avstanden mellom kvar mast kan bli 250 meter.

Det kom også fram at bandlagd areal under mastene ikkje kan telja som spreieareal, noko som dermed vil få betydning for berørte bønder.

På Finnøy er det foreløpig tre alternativer til trafostasjon. To alternativ på nedsida av fylkesvegen, i industriområdet på Få, eit på oppsida av vegen i same området og eit på Nedre Hauskje.

Men den siste går etter alt å dømma ut, eller må flyttast, sidan Lnett er blitt gjort merksam på at stasjonen ligg rett i traseen for Øyfast. Den nye trafostasjonen som skal byggjast vil truleg få ein høyde på 13-14 meter, og ei grunnflate på 600-700 kvadrat. På spørsmål om det var forbunde med fare å plassera stasjonen nær bebyggelse, svara Lnett benektande. Det blir ikkje sett på som noko problem.

Det kom også innspel om å byggja den nye trafo'en på plata på Ladstein, men svaret her var at det var for langt unna der behovet var størst, nemleg Judaberg-området. Andre spørsmål gjekk på støy frå linjene. Mellom anna blei det påpeika at vind kunne gje ei vedvarande låg during frå linjene. Andre frykta for at linjene ville vera til skade for fuglelivet. Mellom anna blei det peika på at det på Austbø på Rennesøy var både havørn og falk i linjetraseen.

Både til dette, og andre spørsmål som berørte følgene for naturen på øyane, blei det vart at dette skal utredast nærare i konsesjonssøknaden. Er det rødlista arter er beskjeden at dette er linjenettet nødt til å halda seg klar.

Då vil det også liggja føre ein 3D modell som skal visa korleis dei nye linjene vil ta seg ut i naturen. Etter planen skal det bli i forbindelse med høyringa neste sommar.

Planen vidare er å gjera ferdig meldinga om prosjektet i løpet av mars. Så blir det høyring neste sommar, og då blir det i utgangspunktet lagt opp til folkemøte om prosjektet. deretter er det planlagt søknad med konsesjonsutredning neste vinter, før det blir ny høyring sommaren 2023. Vedtak om bygging kan koma alt om to år, i 2024, og byggestart i 2025-2026. Ein framdriftsplan som prosjketleiar Torbjørn Grødem karakteriserte som "veldig optimistisk".

Når den nye linja er på plass vil det gamle 50 kilovolt linjenettet med tilhøyrande trafostasjonar bli fjerna. Heile kostnaden med prosjektet er grovt anslått til ein halv milliard, og alternativet til å ikkje fornya nettet er mangel på straum, hyppige feil og kanskje rasjonering, blei det sagt.

Prosjektleiar Torbjørn Grødem håpa også å sjå mange på åpen dag neste onsdag på Innbyggartorget på Finnøy.

-Det begynner alt å bli fullt, men om nødvendig vil me bruka ein dag ekstra, opplyste han.