Ryfylke får ikkje større bit av oppdrettskaka

Ryfylke får ikkje utvida produksjonen innan oppdrett. Det skuldast situasjonen når det gjeld lakselus og tilstanden for villaksen.

Ingen auke i oppdrettsnæringa i Ryfylke.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

FINNØY: Nærings- og fiskeridepartementet har inndelt landet i ulike fargekodar, kor rødt betyr at produksjonen må minkast, gult tilseier at produksjonen ikkje skal aukast mens grønt betyr vekst i produksjonen.

Ryfylke har saman med omnråde ved Stadt og i Nord-Trøndelag havna i gul kategori. Det betyr at produksjonskapasiteten forbli uendra.

Den vesentlege delen av Verstlandet, store deler av området frå Karmøy til Stadtm må redusera produksjonen, mens Agder og Østlandet får auke saman med Sør-Trøndelag og Nord-Norge.

Beslutninga om å ikkje auka kapasiteten i Ryfylke blir grunngjeven med at det er gjort grundigare vurderingar av dei fysiske tilhøva i sjøen, tilstanden til villaksen og tilhøva for sjøauren.

- I desse områda har eg lagt størst vekt på tilstanden til vill laksefisk og påvirkninga av lakselus på villaksen over tid, seier fiskeriminister Bjørnar Skjæran.

  1. Laks