Sankthansbål? Hugs å søkja om lov

Har du planar om å tenna bål på kommunal grunn Sankthansaftan må du hugsa å melda frå til kommunen.

St. Hans-bål er søknadspliktig.,
  • Oddbjørg M. Måland
Publisert:

Det kan du gjera ved å senda inn skjema som ligg på kommunen sine sider.

Det er ikkje berre å fyra opp sankthansbålet. Alle som planlegg å brenna bål på midtsommarfesten, må søka brannvesenet om lov.

Det er generelt bålforbud frå 15. april til 15. september. Planlegg du å tenna bål i denne perioden, må du få løyve av brannvesenet til å dispensera frå regelen.

Dette skal sikra at bålbrenningen skjer på ein trygg og forsvaleg måte.

Den som har fått tillatelsen, har også ansvar for opprydding av søppel. Dersom areala ikkje er tilfredsstillande reingjort, vil Stavanger kommune rydda opp for arrangøren si rekning.

Fristen for å søka er 20. juni.