Akkurat her som leiar i Vikevåg båtforening Aasgaut Vindenes står, skal det bli båtplassar øyremerka ungdom opptil 18 år.

RENNESØY:

Leiar i båtforeninga Aasgaut Vindenes har framtidstankar om utvikling av Vikevåg sentrum og dei yngste båtentusiastane.,

Allereie er det etablert seks oppstillingsplassar for bubilar i båthavna som har vist seg å vera ein suksess.

God investering

- Det er mykje pengar for ein ungdom å leiga seg ein båtplass, difor vil me etablera båtplassar som øyremerka ungdommar. Det vil og kunne hjelpa til med nyrekruttering til havna. Me kjem truleg til å setja nokre vilkår for å få plass, til dømes ei aldersgrensa opp til 18 år og at ungdommane må søkja om plass kvart år.

På den måten unngår me at båtplassar blir «okkupert» over lang tid. Tilbudet gjeld bare for ungdom i Rennesøy kommunedel, opplyser Vindenes til Øyposten.

-Det har vist seg at ungdom som begynner med båtliv tidleg, blir gode sjøfolk og har ein klar fordel når det gjeld jobbar tilknytta sjøen seinare i livet, seier Asgaut Vindenes.

Båtforeninga har søkt om 250.000 kroner til ungdomssatsinga.

- Me ønskjer å styrka Vikevåg som sentrum i kommunedelen. Sentrum treng sårt til meir aktivitet, og ikkje minst veit me at ungdom ynskjer seg båtplassar. Me har søkt Ildsjelfondet i Sparebanken Vest om pengar til å laga mellom 7 og 10 båtplassar som ungdom kan leiga for prisen det kostar å drifta dei. Leiga går til vedlikehald og forsikring, legg han til.

Satsar saman

Leiaren i båtforeninga fryktar at Vikevåg kan havna i bakevja når Rogfast etter kvart blir ferdigstilt.

- Ja, det kan lett skjer. Difor er det viktig at me nå får på plass aktivitetar som gjer det attraktivt å besøka Vikevåg. Etter etableringa av seks nye parkeringsplassar for bubilar i båthavna, har det allereie ført til meir liv i sentrum og auka handel i butikkane.

Området her har utruleg mykje å by på av flott natur, merka turstiar, friluftsaktivitetar, kultur, fred og ro, samtidig som det berre er snautt 30 minuttar frå byen. Målet er å jobba saman med andre lag og organisasjonar i Rennesøy og tenkja heilhetleg og framtidsretta. Viss alle sitt på kvar si tue, vil me aldri oppnå det same som me kan få til i saman, avsluttar Aasgaut Vindenes.