Bruk Finnøy sitt nye vippsnummer i årets innsamlingsaksjon Krafttak mot kreft. Foto: Jorunn Valle Nilsen

FINNØY:

Er du ikkje heime, fortvil ikkje. Finnøy har fått sitt eige vippsnummer i samband med innsamlingsaksjonen.,

- Me kan diverre ikkje lova at det er mange nok bøssebærere slik alle får besøk. Men då er det i alle fall greitt å vita at det går an å bidra på andre måtar. Me veit heller ikkje om det blir innsamling på alle øyane, seier leiar i frivilligsentralen som administrere aksjonen, Ragnhild Valand.

- Ja, me administrerer årets aksjon, i all enkelheit. Finnøy deltok på Krefttak mot kreft-aksjonen for nokre år sidan, og no prøver me igjen. Kanskje dette er byrjinga på ein årleg aksjon i Finnøy? I år går pengane til forsking på kreft med spreiing. Ved å gi pengar, vil verda bli betre for dei som anten er, eller kjem til å bli råka  av kreft.

Alle som ønskjer å gå med bøsser kan anten ta kontakt med frivilligsentralen, eller møta opp på innbyggartorget i dag klokka 1730.

Det nye vippsnummer er: 491033