Line Flesjaa heime på Ombo. Ho føler seg alt mykje betre etter behandlinga i Moskva.

OMBO:

-Transplantasjon av stamceller blir bare utført få stader i verda: i Norge, i Sverige, i Mexico og i Russland, seier Flesjaa til Øyposten.,

Ho valde Moskva. Det var i september i fjor, lenge før den Putin invaderte Ukraina.

-I Norge er ikkje dette standard behandling. Det blir gjort bare på få personar kvart år, som eit ledd i forskning på sjukdommen.  Det var difor liten mulighet til å få stamceller transplantert  her.

Når ikkje det var mulig, ville eg helst gjort det i Sverige. Men der kostar ein stamcelletransplantasjon 1,2 millionar kroner, mens eg kunne få gjort det i Moskva for under halve prisen. Eg bestemte meg difor for å prøva der,  held ho fram.

Frå venner og kjende blei det samla inn 100.000 kroner, og resten, 400.000 betalte ho sjølv. Ho reiste heller ikkje til Moskva åleine, men saman med ei anna kvinne som ho kjende, som reiste i same ærend.

-Det var til stor hjelp, me støtta og oppmuntra kvarandre, seier ho.

I september ankom ho sjukehuset i Moskva, som var i ein slottsliknande bygning med ein kjempefin hage og eit eige, koseleg kapell. Line Flesjaa var klar over at operasjonen ikkje var risikofri, i verste fall  kunne det stått om livet.

-Men det var kjempeflinke legar og sykepleiarar på sjukehuset, som stod på pinne for meg. Dessutan har russarane gjort slike transplantasjonar i 15 år. Mykje av utstyret var rett nok gammalt og ikkje heilt etter vår standard, dessutan var det bare ein lege og ein sjukepleiar som snakka engelsk. Bare maskinen for MR-undersøkelse var i Tesla 3-klassen, men uansett følte eg meg veldig godt ivaretatt, fortel Flesjaa, som sjølv har jobba som sjukepleiar.

Etter ein månad i den russiske hovudstaden kom ho heim igjen til Ombo, i ganske dårleg forfatning. Legane førespegla henne 1-2 år før ho skulle vera tilbake i same form som før transplantasjonen.

Men det gjekk framover, og det fortare enn ho hadde rekna med.

Då Øyposten var på besøk, hadde ho nyleg vore på ein  krevande tur med ei veninne og hundespann til Gullingen.

Multippel Sklerose er ein sjukdom du ikkje kan bli kvitt, men håpet er at transplantasjonen av stamceller i Moskva skal stoppa utviklinga.

- Så langt ser det kjempebra ut, eg føler meg alt tilbake i form igjen, seier ho, og ser optimistisk på muligheten til fortsatt å kunna ha eit aktivt og godt liv.