Her kor den tidlegare konfeksjonsfabrikk står skal det komma, 25 nye hotellrom samt eit lager.

MOSTERØY:

Fylkekommunen har vurdert tilstanden på bygget, og har kome fram til at det blir vanskeleg å bruka bygget til det det nå er planar om, nemleg hotellformål. Mellom anna står første etasje under vatn ved springflo, bygget er forfallent og viss det skal ombyggjast og brukast vil det medføra ei så sterk endring av fasaden at ein viktig grunn til å bevara bygget fell bort, heiter det.,

Bygningen ligg i utgangspunktet i det som blir kalla ei "hensynssone", og noko som betyr at den skal bevarast. Fylylket synes det er synd å mista ein "repredsentant for stedets historie", men innser at det å tilpassa fabrikken til tider med oftare stormflo enn i dag, kan bli vanskeleg viss bygget også skal brukast til hotellformål.

Fylkeskommunen kan difor godta at bygget blir rive, og erstatta av nybygg. Men nybygget må vera i ein stil og ikkje vera større enn at det passar inn i kulturlandskapet rundt.

Bygget blei oppført på Mosterøy i 1948, etter å ha blitt flytta frå Stavanger. Eigaren av konfeksjonsfabrikken, Bjarne Rekdal,  var opphavleg frå Vestnes i Romsdal, som var eit sentrum for konfeksjonsindustrien i landet. Han dreiv også konfeksjonsfabrikk i Vikevåg, men dette bygget er også blitt rive, og erstatta av mellom anna kyrkjekontoret.

Som eit lite appropos kan det nemnast at då rutebåten "Sandeid" forliste i Mastrafjorden i 1951, blei fleire av dei omkomne frakta i land og inntil vidare lagt i dette bygget. Åtte menneske omkom i den ulukka.