Frå eit av romma i barneskulen på Finnøy skule tysdag kveld. Omfanget av skadane er ikkje klart enno, men skulebygget held stengt onsdag. Foto: Sigbjørn Høidalen

Ho informerer i ei melding til foreldra tysdag kveld at det vil bli ein annleis skuledag i morgon.

– Me har sett saman eit alternativt opplegg for barneskuleelevane i morgon, der me nyttar blant anna Finnøy fleirbrukshall og rom i bygget til ungdomsskulen. I tillegg vil me vere mykje utandørs, så elevane må kome godt kledde på skulen.

Ho fortel til Øyposten at det har vore lekkasje frå eit vassrøyr, og at det kom vatn ned i eit sikringsskap. Det var dette som forårsaka straumbrotet.

– Me håpar at dei fiksar det i morgon, seier ho.

Eigedomssjef Erik Hirth i Stavanger kommune seier at det var ein brannslange som fraus i kulda og som var årsak til lekkasjen. Då ein isplugg losna rann vatn ned i eit straumfordelingsskåp.

– Me har fått stengt av vatnet og held på å tørke opp bygget. Onsdag vil me få betre oversikt over kor lang tid det vil ta å få skulen i normal drift igjen, seier Hirth.

Eigedomsavdelinga vil ha beredskap på staden gjennom natta.

Finnøy skule tysdag kveld. Foto: Sigbjørn Høidalen