Nå blir det natteravnarar i Rennesøy

Det er ikkje fyrst og fremst fordi det er eit behov, men fordi dei ønskjer å vera føre var.

Desse har gått i bresjen for å få i gang natteravnordninga. F.v.: Inger Lise Rettedal, Kim Ingebrigtsen og Marie Therese Birkedal.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

RENNESØY: Initiativet kom frå FAU på Mosterøy skule.

– Me tok kontakt med FAU på Vikevåg og Rennesøy skule i tillegg til frivilligsentralen for koordinering. Dette er modellen som andre bydelar jobbar etter, og som me trur vil bli ei god ordning også for vårt lokalsamfunn. Det er fint å kunne hausta erfaringar frå andre bydelar blant anna gjennom kommunalt foreldreutval som eg sitt i på vegne av kommunedelen vår, seier leiar i FAU på Mosterøy skule, Inger Lise Rettedal

Jobbar førebyggande

– Me opplever ingen problem med ungdommane i Rennesøy, og det er heller ingen opphav til dette initiativet, men det er viktig å jobba førebyggande. Difor sett me sett me i gang no, fortel Marie Therese Birkedal, leiar i FAU på Vikevåg skule.

Siste fredag i kvar månad er det Åpen hall i Mastrahallen. Mastra IL som er arrangør av Åpen Hall er positive til ideen. I tillegg har ungdomsklubben på innbyggartorget laurdagsope ein gong i månaden. Det er primært på desse to arrangementa natteramnane skal vera til stades.

– På Åpen hall kan det vera opp imot 100 ungdommar samla frå 5. til 10. klasse. Inne på arrangementet er det fleire vaksne personar, men det kan og vera greitt å møta trygge vaksne på utsida. Det er er ganske stor aldersskilnad på ein femteklassing og ein i 10. klasse, og dei yngste kan kanskje kjenna litt på det. Dessutan tykkjer me det greitt å bli kjent med ungdommane i Rennesøy, få innsikt i kva dei driv med, kva som opptek dei og kva som skjer rundt dei, fortel Birkedal.

Oppstart i mai

– Blir det natteramning utanom desse arrangementa?

– I sentrum i Vikevåg og Østuhusvik skjer det ingenting for ungdommar på kveldstid, så det er ikkje aktuelt. Men me vil vera til stades ved eventuelt andre ungdomsarrangement, altså ved behov, fortel leiar i frivilligsentralen Kim Ingebrigtsen.

Den 18. april kjem representantar frå Uteseksjonen i kommunen til eit møte i Meieriet for å fortelja kva dei driv med. Også Hege Kvernmo frå Kirkens Bymisjon som forvaltar natteramnordninga kjem. Ho skal orientera om ordninga på generelt grunnlag. Kven natteramnane er, og kva mandat dei har.

– Etter dette møte håpar me at folk vil melda seg til teneste. Jo fleire som blir med, jo færre vakter blir det på den enkelte. Det blir uansett ei svært overkomeleg oppgåve. Målet er å komma i gang i løpet av mai, seier Kim Ingerbrigtsen.