Ungdomslaget på Finnøy vil ha vaksne med

Finnøy Kristelege Ungdomslag ser behov for å støtta seg på vaksne for å kunna driva laget vidare.

-Det er behov for å gjera endringar, seier Simon Tønnessen i Finnøy Kristelege Ungdomslag.
Publisert: Publisert:

FINNØY: -Det er behov for å gjera endringar, seier leiaren i ungdomslaget, Simon Tønnessen til Øyposten.

Han påpeikar at mange av eldsjelene som har vore med, nå har flytta bort for å gå på skule eller studera. Torsdag kveld var det samling i ungdomslaget for å diskutera vegen vidare.

-Konklusjonen blei at me skal driva vidare slik me har gjort det siste halve året. Før jul blei det oppretta ei ressursgruppe for ungdomslaget med 5–6 vaksne, som skal hjelpa til med arrangementa våre, seier Tønnessen.

Han understrekar at det er svært engasjerte vaksne som gjerne vil hjelpa til med å driva ungdomslaget vidare.

Finnøy Kristelege Ungdomslag brukar å ha treff kvar laurdag klokka 21 på bedehuset på Lauvsnes. Ifølge Tønnessen er det 10–20 personar på treffa i gjennomsnitt.

-Men det kan variera mykje, av og til kan det vera heilt oppi 40–50, opplyser han.

Leiar for ressursgruppa er Silje Vignes.

-Me har eit hjarta for ungdomslaget, og er med på å skaffa andaktshaldar og stiller nomalt med tre vaksne på arrangementa på laurdagar. Me lagar kaker, dessertar og er med og hjelper til med det praktiske på arrangementa, seier Vignes.

I tillegg arrangerer ressursgruppa også ein haustweekend og ein skiweeekend om vinteren. I tillegg er dei med og arrangerer nyttårsfest.