Blei tent av å høyra om ostelaging i Hjelmeland og i byen
Næringshagen Teal slo på stortromma for om mulig å få i gang småskalaproduksjon frå mjølk i Finnøy. Fleire ga uttrykk for at dei var blitt inspirert.
FINNØY: Det var seks frammøtte frå Finnøy, då Teal bretta ut mjølkeforedlings-prosjektet for Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy.
Med på møtet var kapasitetetar som Ryfylke Gardsysteri ved Joar Hauge frå Hjelmeland, statsforvaltaren, Inovasjon Norge og rådgjevarar frå Teal.
Dette var det første oppstartmøtet, og løpet vidare er ein rundtur til ulike småskalabedrifter i Rogaland i juni som driv med foredling av mjølk. Viss det er interesse, kan det også bli studieturar ut av fylket.
Spennande
-Det var veldig spennande å høyra om, seier Ingrid M. Eggebø frå Finnøy til Øyposten.
-Blir du med på rundturen i sommar?
-Viss det går an å ta med babyen min, så kanskje, smiler ho.
Daniel Vignes var også på møtet.
-Eg var nysgjerring for å høyra kva det går i, det var interessant, seier Vignes, også han frå Finnøy.
-Kjem du til å begynna med noko i denne retninga?
-Det er nok eit stykke fram til det, seier han.
Også Yvonne Heus Aartun var til stades på møtet. Ho kjem frå gard på Sjernarøy med mjølkeproduksjon og nytt fjos.
-Me er heilt i tenkefrasen ennå, seier ho, som kanskje vil bli med på rundturen i sommar, viss det passar slik. Ho synes også det var bra at så mange kapasitetar var til stades på møtet.
Foreløpig er det altså ingen konkrete planar om oppstart av foredling av mjølk til ost eller andre produkt på Finnøy. Den siste osten på Finnøy blei produsert på Ryfylke Meieri i 2000, då blei meieriet nedlagt.
Med på møtet var mjølkebonde Kolbjørn Anda frå Leikvoll i Randaberg, som leverer mjølk til osteprodusenten Stavanger Ysteri, og Joar Hauge som driv produksjon av ost og yoghurt i Fister saman med kona Hilde.
Mykje arbeid, men kjekt
Joar Hauge la ikkje skjul på at det å driva med osteproduksjon er mykje arbeid, men at det samstundes var veldig kjekt. Han og kona, som er fotograf, produserer ost og yoghurt av 25.000 liter mjølk i året, og økonomien er bra. Til ein kilo ost går det med rundt åtte liter mjølk.
Joar Hauge har fagbrev i industriell næringsproduksjon, og begynte å laga ost på kjøkkenet. Men først etter ein studietur til italia blei det sving på sakene.
Nå har dei bygd eige ysteri med kjøla og liten butikk, i tillegg til nytt fjøs. Familien ynskte å bygge rimeleg, og har bygd fjos og ysteri for 4,2 millionar kroner med stor eigeninnsats. Kvoten er 90.000 liter mjølk.
Osteproduksjonen er fast ost, kremost og youghurt. Familien Hauge har også vunne gull for den faste osten, og sølv for yoghurt’en.
Kvitsøyost
Hauge anbefalar dei som vil gå i gang med foredling av mjølk til å vera med i produksjonen, og sjå korleis det foregår.
-Dessutan er det viktig å vera synleg, stilla på matmesser og visa igjen, meiner han.
Støtteordningar og rådgivning for dei som vil gå i gang med lokalmat-produksjon finst også. Til idefase og kommersialisering kan det gis inntil 700.000 kroner, eller 75 prosent av utgiftene. Det vanlege er å få dekka 50 prosent. I tillegg er det bedriftsutviklingstilskot og tilskot til produktutvikling.
Sigve Skretting frå Teal konkluderte på møtet med at «Her er muligheter, det er ein stor marknad for lokalmat». Han meinte også at det fint ville gå an å utkonkurrera mange av importostane som i dag finst på marknaden med norsk ost.
Det nyaste produktet frå Rogaland nå er Kvitsøyosten, men den er foreløpig heilt i startgropa.