Dette er dei trygge vaksne som ungdommane vil treffe på fritidsklubben. Frå venste: Tone Iren Eikeland, Magnus Knispel Rueness-Andersen, Kristine Lace og Santiago D. Arrelano. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Eg har fått tak i tre gode assistentar, seier Santiago D. Arellano som leiar fritidsklubben:

– Dette gjer at me endeleg kan opne for yngre barn på torsdagar frå veke 10.

Fritidsklubben er ein samlingsstad for barn og unge i Finnøy kommunedel, og har lokale sentralt på Judaberg. Her kan ungdommar samlast på tvers av alder og interesse.

– Me tilbyr ulike aktivitetar, og har til dømes hobbyrom, gamingrom og brettspel. Her kan du kome berre for å henge, og kanskje du kan finne nye vener også, sier Arellano:

– I opningstida er det open dør og trygge vaksne her. No vonar me at dei yngre også vil nytte tilbodet vårt.

Veke 10 er altså veka etter vinterferien.

Han fortel om godt besøk på fritidsklubben i heile 2023, og at tilbakemeldingar frå ungdommane er at dei set stor pris på at tilbodet finst på Finnøy.