Tysdag hadde Finnøy produsentlag av mjølkebønder årssamling på Utsyn der det blei delt ut diverse heidersteikn.

Ein produsent som har utmerka seg i særleg grad er ekteparet Jarl og Kari Hidle på Nord-Hidle, som har levert elitemjølk i 25 år. Med det får dei Tines mjølkespann.

Å sjå kvar ku

Kva skal til for å levera elitemjølk i så mange år?

– Kunsten er vel å gje seg god tid i fjøset, fortel Kari Hidle.

Ho fekk ikkje vera med på samlinga tysdag, men skal saman med mannen til Lillestrøm 4. november for å ta imot mjølkespannet frå samvirkekonsernet dei leverer all den gode mjølka til.

– Me har ei mjølkekvote på vel 120.000 liter og har 16 båsplassar. Normalt har me 14 årskyr, dei fleste reine jerseykyr, seier Kari.

Kari er snart 60 år, medan mannen Jarl er 73.

– Ingen av ungane vil overta, men me har ei niese til ein nabo som er veldig interessert. Ho studerer på Ås og har vore avløysar og vore her mykje om somrane, fortel Kari.

Krevjande tid

Finnøy produsentlag har 54 medlemer og 45 såkalla hentepunkt for mjølk i Finnøy kommunedel. Av dei 45 hentepunkta er kring 30 på sjølve Finnøy.

Avtroppande leiar Njål Meling på Talgje seier dette om konjunkturane:

– Prisvekst og auka rente har gitt nokre mørke skyer. Mange lurar på om det er økonomi til at dei skal investere i lausdriftsfjøs, som blir eit krav frå 2034.

Han ser òg nokre positive teikn.

– Gjødselprisane er på veg ned, og kraftfôrprisane har stabilisert seg. Straumstøtta er òg god, seier Meling.

Årssamlinga samla 26 medlemer. Birger Hetland frå Helgøy overtok som ny leiar.