Spreke rennesøybuar let seg ikkje stoppa av vér og vind

Iskald vind og regn stoppar ikkje denne gjengen i å trimma.

Karen Anne Hodnefjell f.v. og Astrid Schanke Gudmestad styrker tricepsen.
Publisert: Publisert:

– Det er jo berre å kle seg.

Det var dei einige om, gjengen som trena i Prestvågen onsdag formiddag i eit heller surt vintervêr. Rundt 20 personar trassa vinden og gav seg i kast med stasjonstrening.

Gode klede

Onsdagstrimmen er eit nystarta tilbod i regi av Helsehuset i kommunen. Tilbodet er gratis og skal fortsetta kvar veke fram til 10 mai. Etter den tid er målet at frivillige skal overta trimmen og driva den vidare.

Her er det balanse og korordinasjon som gjeld.

– Vêret var endå verre sist onsdag, oppstartsdagen, men det stilla likevel 17 ivrige trimmarar her klokka 1000. Det er berre å kle seg etter forholda, hugs me er berre i februar, smiler Klara Harestad, ikledd lue og vottar, ull og vindtett.

Alle muskelgrupper

Treninga består av 10 ulike stasjonar med intervalltrening. Her får ein trena alle dei store muskelgruppene, og dessutan styrke, balanse, koordinasjon og uthald. Øktene på kvar stasjon er 45 sekund med 15 sekunds pause der ein forflytter seg til neste stasjon. Denne løypa gjentek dei tre rundar.

Ekteparet Sværen, Anne Emilie og Kåre, som for øvreg var den einaste hanen i høneflokken.

– Det går ikkje an å takka nei til eit slikt godt tilbod. Eg er heime i svangerskapspermisjon og har tid å ta av. Det er genialt å bruka naturen til trening, og at dette er eit opplegg som er tilpassa alle uansett form, tykkjer eg er kjempebra. Me får god rettleiing av Ingrid som hjelper oss å utføra øvingane rett, smiler Karen Anne Hodnefjell som har med seg fire månadar gamle dottera Eli i vogna.

Også mor til Karen Anne var på trening i dag, Brit Torunn Hodnefjell.

– Ikkje så verst med tre generasjonar på ei og same treningsøkt, ler Karen Anne.

Frivillige skal overta

– Så er første runde er unnagjort, godt jobba.

Ingrid Haugvaldstad er instruktør og kjem frå Helsehuset. Ho er ansvarleg for trimmen og guidar dei gjennom dei ulike stasjonane.

Suzanna Freemann-Fanuelsen t.v. og Karianne Krag jobbar med armar og overkropp.

– Eg hadde faktisk ikkje forventa så stort oppmøte, dette er veldig bra. Å vera i aktivert et kjempeviktig for fysisk og psykisk helse, det er ein god følelse å kjenna på. Å trena i naturen saman med andre gir ein ekstra dimensjon til treninga, og ei god oppleving.

Instruktør Ingrid Haugvaldstad frå Helsehuset i Stavanger.

No håpar eg at nokon av dei som går her, eller andre frivillige, vil overta trimmen når vår tid er ute i mai, seier Haugvaldstad.

Aldri for gammal

Ekteparet Anne Emilie og Kåre Sværen er 73 og 72 år og kanskje dei eldste på trimmen. Men det er tydelegvis ingen hindring for dei gjennomfører entusiastisk kvar einaste økt på alle stasjonane.

– Eg var litt redd me var for gamle til å bli med, for på plakaten sto det frå 20 til 70 år. Men det var ingen problem, det var berre å møta opp fekk me beskjed om, fortel Anne Emilie. Ekteparet, som opphavleg er frå Rennesøy, har flytta tilbake etter 36 år på Sola og 12 år i Oslo.

Konsentrasjonstrening

Snart er timen over og gjengen kan gå heim vel vitande om at dei har gjort ein solid innsats for helsa.

Marianne Tjøstheim og Linda Finnesand Håvarstein i gang med høge kneløft.

Helsehuset har eit liknande tilbod ved Badedammen i Stavanger og på SIF-stadion.