Går med hjarta i halsen: -Denne vegen er livsfarleg
Etter at Rygjabøvegen blei stengd, går barn og unge langs den sterkt trafikkerte Lauvsnesvegen til og frå Judaberg. Strekninga er smal, har 50-sone og er utan fortau.
FINNØY: -Det er heilt livsfarleg her, seier ungdommane Øyposten treff på. Dei har vore på Judaberg og handla og er på veg tilbake til skulen.
-Når det kjem bilar må me ut i grøfta, seier Nathalie Høivik.
Nå tek Henrik Halleland (krf) saka opp med ordføraren.
-Det er mange som brukar denne vegen, mellom anna til og frå Fleirbrukshallen. Det er eit svært farleg strekning, meiner han.
Halleland peikar på at vegstrekninga er så smal, at to bilar knapt kan møtast.
-Det er bare eit tidsspørsmål før det kjer ei ulukke på strekninga, fryktar KrF-politikaren.
-Eit midlertidig fortau eller sykkelveg vil hjelpa, meiner Halleland.
Stengde vegar
Det er i samband med bygginga av sjukeheimen at Rygjabøvegen blei stengd. Difor blir Lauvsnesvegen nå mykje brukt av barn og unge som skal til og frå skulen og til Fleirbrukshallen.
Halleland foreslår at kommunen vurderer trafikksikkerheten for dei mjuke trafikkantane på strekninga, og at det blir vurdert nedsett fartsgrense.
Nesagjerdet velforening har også engasjert seg i saka, og leiar i velforeninga, Henrik Egelandsdal opplyser at dei har henvendt seg til kommunen med spørsmål om nedsett fartsgrense på strekninga.
-Velforeninga har foreslått at fartsgrensa blir sett ned til 40 kilometer i timen, som er den same fartsgrensa som på andre sida av Judaberg. Men me har ikkje fått noko svar. Me har også etterlyst fleire kontrollar på strekninga, seier han.
Farleg også for vaksne
Også Egelandsdal meiner strekninga er svært farleg, og skulle ynskt at det kom på plass trafikksikring.
Når arbeidet på sjukeheimen begynte blei det laga til veg via Ottohuset frå Judaberg til skulen, men den er lengre enn å gå langs Lauvsnesvegen. Difor brukar dei fleste denne vegen.
-Også vaksne personar brukar ofte denne vegen når det er arrangementer i Fleirbrukshallen, påpeikar Egelandsdal.
Det er to fotgjengarfelt plassert i nærleiken av Fleirbrukshallen, men dei er uoversiktlege og plassert nær svingen. Og det er langt frå alle bilar som stansar viss folk vil over vegen her, blir det påpeika frå velforeninga.