Både torsdag før jul og onsdag i romjula var det kraftig vind som gav diverse problem for fly, båt og straumforsyning.

Frå søndag ettermiddag til måndag morgon blir det igjen meldt fare for kraftige vindkast i Ryfylkebassenget, om enn ikkje på like høgt farenivå som tidlegare i jula.

Søndag er nyttårsaftan, så då er det spennande korleis forholda blir for å skyte opp rakettar.

Søndag klokka 20 skal det blåse stiv kuling frå aust med opp til 24 sekundmeter i kasta, ifølgje Yr. Det er truleg i overkant av kva som er tilrådeleg for å skyte opp rakettar.

Fram mot midnatt skal vinden roe seg til frisk bris med opp til 16 sekundmeter i kasta, som er meir innafor etter det Øyposten skjønnar etter å ha prata med folk i bransjen.

Den gode nyheita, etter som varselet ser ut laurdag ettermiddag, er at det på årets siste kveld skal bli opphaldsvær og eit par, tre plussgrader.

Værvarsel for Judaberg frå time til time på årets siste dag søndag 31. desember. Foto: Yr.no