Svartbak svelgde makrell med fiskekrok og snøre
Laurdag opplevde ein fiskar på Mosterøy noko uvanleg.
Laurdag kveld fekk politiet melding frå ein mann i Ferjevågen på Mosterøy.
– Mannen melde at ei måke hadde svelgd ein makrell med fiskekrok, fortel politikontakt Svend Erik Ellingsen.
Øyposten har prata med mannen, ein turist frå Innlandet som ikkje ønskjer å stå fram med namn.
– Eg skulle til å fiske sjølv då eg oppdaga ein mann bortanfor meg som såg ut til å vere ute av seg, fortel austlendingen:
– Det viste seg at mannen hadde fanga ein makrell. Då han hadde fått fisken opp på brygga, kom det ein svartbak og tok fisken rett føre beina på han. I fisken sat ein stingsild sluk med trekrok.
Austlendingen fekk sveiva inn svartbaken, som var relativt roleg, men det viste seg at fisken med krok sat så fast nede i magen på fuglen, at det var umogeleg å få fiskegreia laus.
Politiet ga løyve til å avlive måka for å avslutte lidingane.
– Me måtte berre avlive svartbaken. Mannen var takknemleg for å få hjelp, fortel austlendingen.
Han er sjølv på ferie på Mosterøy i desse dagar. Han seier det er makrell å få, men laurdag blei det smått.
Kart som viser Ferjevågen på Mosterøy:
Elles frå helga kan politiet melde at det laurdag kveld blei rapportert om ein skada sau på ein parkeringsplass på Fjøløy, vest for Mosterøy. Eigaren blei varsla.