Etter opphald på Stavanger universitetssjukehus blei ei eldre dame frå Rennesøy overført til ein av byens sjukeheimar. Kort tid etter blei ho flytta til ein annan sjukeheim, og så motvillig til ein tredje sjukeheim kort tid etter det igjen. Ingen av dei tre stadene var i Rennesøy, som dama og familien ønskte.

Denne historia fekk politikar Tina Nådland (A) frå dottera til den eldre dama, som Øyposten melde om. Nådland tok opp saka i utval for helse og velferd, og nyleg fekk ho svar.

Kommunedirektøren skriv:

– Brukarar som skrivast ut frå sjukehuset må ofte flytte fleire gonger viss behova for vidare tenester ikkje er heilt avklara. I nokre tilfelle må brukaren innom etterbehandlingsavdelinga på Haugåstunet sjukeheim når dei skrivast ut, for å avslutte den påbegynte behandlinga, for eksempel intravenøs behandling med antibiotika.

Kommunedirektøren legg til:

– Hyppige flyttingar mellom sjukeheimar kan vere ei stor belastning for eldre og sjuke, og dei som jobbar med å legge til rette tenestene prøvar å unngå at det skjer.

Tina Nådland stilte vidare spørsmål om situasjonen rundt ventelister til sjukeheimsplass i Rennesøy. Kommunedirektøren svara dette:

  • Per dags dato er det seks personar som ventar på langtidsplass i Rennesøy.

  • Det er to personar som ventar på plass i bufellesskap, og ein som ventar på korttidsplass.

  • Det er ingen planar om utbygging av nye sjukeheimsplassar i denne kommunedelen.

Få personar frå andre bydelar ønskjer plass på Rennesøy, medan nokre frå Rennesøy ønskjer plass nærare familie i andre deler av Stavanger, opplyste kommunedirektøren.

Sjukeheimane i Rennesøy har 26 langtidsplassar, 6 korttidsplassar, 10 bufellesskapsplassar og 20 dagsenterplassar. Til samanlikning har Finnøy 17 langtidsplassar, 7 korttidsplassar og 16 omsorgsbustader med døgnbemanning. I tillegg står det snart ferdig eit nytt bygg på Judaberg som gir 20 nye sjukeheimsplassar.