Katrin Schniske er Frisør Sommerfugl. Foto: Silje Talgø Klakegg

Den 2. april vil det vere opningsfest i dei nye lokala i sentrum av Judaberg. Dette vil gå føre seg frå klokka 12 til 16.

– Det nærmar seg klart, seier Katrin, ofte kalla Kati, til Øyposten då me vitjar henne i salongen. Shampo og balsam har fått plass i hyller og frisørstolane og spegel er plassert der dei skal stå.

– Etter kvart vil eg tilby fleire ting, som vippeexstentions og mikroblading. I dag har eg tilbod om vippeløft og brynlaminering i tillegg til frisøroppgåver retta mot heile familien, fortel ho vidare. I tillegg kan ho fikse hårforlenging.

Lang erfaring

Trebarnsmora kjem opphavleg frå Tyskland, der ho er utdanna frisør med meisterbrev. Inkludert læretida har ho arbeidd som frisør i heile 22 år.

– No er barna blitt større, eg får fleire kundar og då passar det godt å ha eit lokale å arbeide i utanfor heimen, seier ho. Opningstidene er ikkje faste, men om du ønskjer ein time hjå frisøren, er det berre å sende ei melding til henne.

– Eg må ta omsyn til mannen min sine arbeidstider, for ungane er enno for små til å vere åleine heime, ler ho:

– I tillegg har eg også ein del frisøroppdrag på Åmøy, Fogn og på sjukeheimen, så derfor har eg landa på at det beste er å halde opent etter avtale.

Telefonnummeret du kan nå henne på er: 92200151.

Nøgd med ny nabo

Eigar av Rom for Terapi, Birte Lauvsnes Hetland, er nøgd med det nye tilskotet.

– Me er veldig positive til å dele lokale med Frisør Sommerfugl. Føler det er litt i same konsept som oss, seier ho til Øyposten:

– Og me har allereie merka synergieffekt med at kundar som skal til frisør kjem innom oss og motsett.

Ho fortel at det er flott at lokala blir brukt.

– Me har plass til fleire som måtte ønskje å drive med helse, velvære, hud og hår, eller noko i same gate, avsluttar ho.