Sigbjørn Høidalen ny redaktør i Øyposten

Styret i Øyposten har tilsett Sigbjørn Høidalen (52) som ny redaktør og dagleg
leiar i avisa.

Publisert:
Sigbjørn Høidalen blir ny redaktør i Øyposten.

FINNØY: – Eg takkar for tilliten og gler meg stort til å bli kjent med folk og rapportere frå livet i øygarden til Stavanger, seier påtroppande redaktør Sigbjørn Høidalen.

Høidalen kjem frå stillinga som frontsjef og journalist i Amedia-avisa Varingen i Nittedal kommune. Han har tidlegare vore redaktør og dagleg leiar i Drangedalsposten, og har også erfaring frå aviser som Nationen og Bergens Tidende. Han er opphavleg frå Drangedal i Telemark.

– Sigbjørn Høidalen har lang erfaring med å utvikle lokaljournalistikk digitalt, og er ein særs solid journalist og publisist, seier Øyulf Hjertenes, direktør i Schibsted Kyst og styreleiar i Øyposten AS.

Tek over i mai

Øyposten er lokalavis for Finnøy og Rennesøy i Rogaland. Schibsted kom inn som eigar av avisa i 2021. Høidalen tar over etter Rune Nedrebø, som går av med pensjon til sommaren.

– Eg er veldig glad for at vi får Sigbjørn med på laget, og gler meg til å sjå kva han kan få til saman med staben i Øyposten dei neste åra, seier Hjertenes.

– Samtidig vil eg takke Rune Nedrebø for den solide jobben han har gjort som redaktør. Han har vore berebjelken i avisa dei siste åra, seier Hjertenes.

Sigbjørn Høidalen er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda. Han har også mastergrad i skogbruk frå Norges Landbrukshøyskole på Ås. I tillegg til bakgrunn frå avis, har Høidalen også vore skogbrukssjef i Valle og Bykle kommunar.

Spelar fløyte, munnharpe og gitar

– At Schibsted også satsar på lokalaviser er ei reise eg svært gjerne vil være med på. Ellers har Finnøy og Rennesøy ei spennande blanding av jordbasert og havbasert næringsliv. Eg flyttar til staden med stor nysgjerrigheit, seier Høidalen.

Den nye redaktøren i Øyposten er ein dedikert fløytespelar, munnharpespelar, gitarist og korist. I 2022 vann han fløyteklassa på Landskappleiken. Sigbjørn er også glad i quiz og er sertifisert flygar av drone.

– Nå skal eg seriebinge Lykkeland, så tar me det derifrå, seier Høidalen.
Sigbjørn Høidalen startar i stillinga 1. mai 2023.