FINNØY: Det er gått tre veker sidan Kvia Entreprenør gjekk konkurs, og 32 tilsette mista jobben. Sidan då har det vore stillstand i byggearbeidet på det nye tilbygget til sjukeheimen på Finnøy.

-Me har nå landa avtalen med Norrøn Betong om å gjera ferdig betongarbeidet på tilbygget til sjukeheimen. Oppstart blir måndag 7. november, noko som betyr at det bare blei ein månad stans i arbeidet. Det er me veldig glade for, seier prosjektleiar Axel Roy Larsen i Stavanger kommune til Øyposten.

-Det er også gledelege er at alle dei 12 som jobba på bygginga av sjukeheimen i Kvia, har fått ny jobb i Norrøn Betong. Dermed blir det dei same folka som held fram arbeidet på Finnøy, noko me ser som ein stor fordel, seier Larsen vidare.

Same arbeidsstokken

Norrøn Betong overtek kontrakten som Kvia Entreprenør hadde med kommunen. Dermed slepp jobben å bli sendt ut på ein ny anbudsrunde, noko som fort kunne tatt bortimot eit halvt år.

-Me har forsikra oss at selskapet oppfyller alle krav som kommunen stiller. Det er kjempeviktig å få inn ein seriøs aktør, seier Larsen vidare.

Han legg til at det er blitt jobba aktivt både frå kommunen si side og frå Norrøn Betong for å få ei snarleg avklaring.

-Me kunne ikkje sitja på gjerdet og venta, korkje kommunen eller Norrøn Betong, seier Axel Roy Larsen.

Ifølge prosjektleiaren i Stavanger kommune har bubestyrar sletta kontrakten med Kvia, slik at kommunen var fristilt til å gå vidare med prosjektet. Kvia Entreprenør var den einaste tilbydar, og dermed var det heller ikkje ein nummer to å ta hensyn til.

- Når uhellet først var ute var det også ein fordel at arbeidet ikkje var kome lenger enn det var.

-Blir byggearbeidet dyrare på grunn av dette?

-Noko dyrare kan det bli, men ikkje vesentleg, trur eg, seier Axel Roy Larsen.

Egersund-firma

Ifølge Aftenbladet er det Norrøn Gruppen og Planum AS som står bak det nye selskapet.

Norrøn Gruppen har hovedkontor i Egersund og driv med alt innan byggerelatert virksomhet i Dalane og Sirdal gjennom Norrøn Bolig AS. I tillegg har dei Jæren som sitt nedslagsfelt gjennom sitt eierskap i SI-Bygg AS, skriv Aftenbladet.

Ifølge avisa blir Norrøn Gruppen eigd av Tor-Inge Larsen (50 prosent), Inge Andreassen (33,5 prosent) og Dag Einar Andreassen (16,5 prosent). Konsernet omsette i fjor for 256,5 millionar kroner med eit resultat før skatt på 26,5 millionar kroner.