Brannvesenet rykka ut til stort bål

Laurdag midt på dagen rykka brannvesenet ut til eit bål ved Gangenes sør for Østhusvik.

Publisert: Publisert:

Politiet fekk melding om eit ulovleg bål på Rennesøy laurdag klokka 12.52.

– Det skal ha vore eit nokså stort bål, men utan at det var særleg fare for spreiing, seier innsatsleiar Andre Jacobsen i brannvesenet.

Han var ikkje sjølv ute på oppdraget.

Bålet var ved Gangenes sør for Østhusvik.

Generelt er det lov å fyre opp bål her i landet frå 15. september til 15. april, men innanfor visse grenser.

– Bålet skal ikkje sjenere naboar, det skal vere av reint materiale og det må vere innanfor rimelege grenser, seier Jacobsen.

Kart som viser Gangens:

Publisert: