Sigve Skretting er forretningsutviklar i næringshageselskapet Teal AS. Foto: Rune Nedrebø

Torsdag 12. desember arrangerer næringshageselskapet Teal ein kickoff for gardsgründerar i lokala sine på Judaberg. Det som skal sparkast i gong er Gardsgründer Stavanger, eit program for næringsutvikling i landbruket i regi av Teal og Stavanger kommune.

Om programmet skriv Teal:

«Gardsgründer Stavanger skal bidra til å gi gründere relevante verktøy for å kunne skape vekst gjennom utvikling av sine tjenester, kunderelasjoner, markedsføring og selvsagt organisering og ledelse.»

Og vidare:

«Formålet er å skape nettverk mellom de som er etablerte, og bidra til vekst som gjør den enkelte bedrift/produsent enda mer robust for de krav som stilles i framtiden.»

Møtet 12. desember er meint for alle som vil vite meir om opplegget, spesielt gardbrukarar i øyane som går med tankar om å utvikle lokalmatproduksjon, turisme, Inn på tunet eller anna næring. Lokale verksemder vil fortelje om kva dei har fått til, og det blir henta døme frå eit tilsvarande program i Gudbrandsdalen; Skåppå i Dombås.